Bokbad med Åsne Seierstad og Harald Eia

Stad: Bømlo kulturhus, storsalen
Dato: 08. mars 2017
Tid: 19.30
Arrangør: Bømlo kulturhus
Nettside: www.bomlokulturhus.no
Åsne Seierstad kjem til Bømlo for å snakka om den kritikarroste bestselgjaren "To søstre".
Ikkje berre er ho ei New York Times-bestselgjande forfattar og Bragepris-vinnar, ho har ein av vår tids sterkaste journalistiske pennar. I eit eksklusivt møte med ein annan gigant, humorist og programleiar Harald Eia, snakkar Åsne Seierstad om si siste bok "To søstre".
Korleis kunne to velintegrerte, skuleflinke norske jenter enda opp som IS-bruder i Syria?

To søstre
Historia om to ungjenter frå Bærum som reiser til Syria og ein desperat far som freistar å finna dei. Ein oktoberdag i 2013 kjem ikkje dei to tenåringsjentene, Ayan og Leila, heim til vanleg tid. Seinare på kvelden kjem sjokkmeldinga: Dei er på veg til Syria. På jakt etter døtrene tek faren seg inn i det borgarkrigsherja landet, ei reise som skal føra han inn i område kontrollert av Den islamske staten (IS).

Dette er berre starten. I "To søstre" går Åsne Seierstad, den bestselgjande og kritikarroste forfattaren av "Bokhandleren i Kabul" og "En av oss", laus på eitt av dei viktigaste og mest kompliserte spørsmåla i vår tid. Kvifor radikaliserast muslimsk ungdom oppvaksen i Vesten? Kva førte dei to søstrene frå Kolsås til Kalifatet? Kven er Ayan og Leila?

Som få andre maktar Åsne Seierstad å komma tett på personane ho skriver om. "To søstre" er både historia om jentene som drog, eit land i krig og om ein familie som splintrast. Det er også ei forteljing om oss, i Noreg i dag.

I tillegg til å fortelja historia om søstrene og faren sin desperate kamp for å finna dei, vil Seierstad og Eia sjå nærare på kvifor muslimsk ungdom oppvaksen i Vesten vert radikalisert.

Signering ved Åsne Sierstad etter opptreden.