Elektrisk med Andreas Wahl

Stad: Stord kulturhus, storsalen
Dato: 26. mars 2017
Tid: 18.00
Arrangør: Stord kulturhus
Nettside: stord.kulturhus.no
Eletrisk Wahl

Elektrisitet er meir enn stikkontakten i veggen. Lynet som slår ned og splintrar eit tre, ballongen som blir hengande på veggen i barnebursdagen, hjernen som tenkjer og hjarta som slår - alt er eit resultat av elektrisitet.

I framsyninga "Elektrisk" viser Andreas Wahl deg kor fantastisk vakker, dødeleg og kvardagsleg elektrisitet kan vera. Han tar deg med på ei reise fylt av spektakulære, vitenskapelege demonstrasjonar og opplevingar som får håra til å reisa seg.

Høver for vaksne og barn frå 10 år.

Andreas Wahl er fysikar, vitskapsformidlar, programleiar og tre gonger noregsmeister i morellsteinspytting. Dei yngste kjenner Andreas frå BarneTV, dei vaksne kjenner han frå "Folkeopplysningen" (NRK), "Lyngbø og Hærlands Big Bang" (NRK) og "Med livet som innsats" (NRK).