Kollaps i kulissene

Stad: Stord kulturhus, storsalen
Dato: 30. mars 2017
Tid: 19.00
Arrangør: Stord kulturhus
Nettside: stord.kulturhus.no
Når alt som kan gå galt, går mykje verre! Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle i spissen for eit topplag av norske komedieskodespelarar.

Publikum ler så dei hyler og kritikarane jublar for The Play That Goes Wrong. Teaterstykket går på tredje året i London og er blitt kåra til «Årets beste komedie 2015». Med tittelen Kollaps i kulissene presenterer Riksteatret og Chat Noir no suksessen i Noreg, og løyene er i dei beste hender hos publikumsyndlingar som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum er omsetjar og Kim Haugen har regi.

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal setja opp den første store framsyninga si, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatta! Ja, dersom du trudde at du visste kor mykje som kan gå galt på teater, må du no tru om att!

«Jeg har sjelden, om noensinne, hørt høyere eller mer sammenhengende latterkuler i et teater», skrev pressen etter premieren. Kollaps i kulissene er blitt omtalt som en krysning av Hotell i særklasse og Mr. Bean – ei frydefull latterbombe som appellerer til publikum i alle aldrar.

PS: Hjælp! Har nokon sett ein golden retriever?

????? "Årets beste komedie 2015" Olivier Award
"Veldig, veldig morsomt" The Guardian
"Smittende galskap" Daily Express
"Jeg trodde jeg skulle hyperventilere av latter" The Daily Mail
"Et mesterverk av alt som kan gå galt" The Times
"En superunderholdende hit" The New York Times



Skandinaviapremiere i Nydalen 19. januar 2017. Turnépremiere på Lillehammer 27. januar 2017. Vert også spelt i Oslo, Chat Noir, etter turné. Nypremiere 7. september 2017.

På scenen: Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Jan Martin Johnsen, Bartek Kaminski, Camilla Frey, Espen Sandvik, Jan Huse og Daniel Karlsson.
Av Henry Lewis, Henry Shields og Jonathan Sayer, i ein norsk versjon av Knut Nærum. Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Tore Sæther. Lysdesignar: Kai Roger Havn. Dramaturg: Tine Thomassen.



Framsyninga varer i 2 timar og 20 minuttar (inkludert pause)

Teaterforlaget Nordiska ApS København. Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Thalia Teater.