Stones in his pockets

Stad: Stord kulturhus, storsalen
Dato: 22. mai 2017
Tid: 19.00
Arrangør: Stord kulturhus
Nettside: stord.kulturhus.no
Ein prisvinnande tragikomedie.
Ein ny storfilm skal spelast inn inn på den irske landsbygda, og Charles og Jakob har ordna seg statistjobbar på settet. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med ein filmmafia av sleske produsentar og verdsvante divaer?

Med få kostymeskift og rekvisittar, kun ved hjelp av kroppsspråk og stemme portretterer Anders Dale og Svein Harry Hauge alle dei 18 ulike personane i stykket.

Stykket hadde urpremiere som pubteater i 1998, og har sidan gått for fulle hus på tre ulike scenar i London. Stykket har mottatt ei rekke prisar som beste komedie og nykommar. I Noreg er stykket mest kjent med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene.

Stones in his pockets går framleis for fulle hus både på Broadway i New York og i West End i London. Det vert spelt over heile verda, mellom anna i Brasil, New Zealand, Sør-Afrika, Israel og Japan.

Av Marie Jones. Regi Anders Dale. Scenografi Svein Harry Hauge Omsetjing Øyvind Berg.
I rollene Anders Dale og Svein Harry Hauge

Om dei medverkande:
Anders Dale er frå Bergen og kom direkte fra Statens Teaterhøgskole til Rogaland Teater i 1994, der han debuterte som Joe i Tony Kushners Engler i Amerika.

Han har spelt i ei lang rekke framsyningar ved Rogaland Teater der han framleis er fast tilsett skodespelar. I 2001 spelte Dale hovudrolla i Amadeus på Den Nationale Scene under Festspillene i Bergen. Anders Dale har vore i permisjon fra Rogaland Teater og har mellom anna spelt i En handelsreisendes død på Den Nationale Scene i Bergen. Våren 2012 hadde han regi på Blackbird ved Den Nationale Scene i Bergen. Hausten 2010 spelte han Ole Bull i Jeg bygger luftslott ved Hordaland Teater. Han er for tida aktuell i Orlando og i Et dukkehjem på Rogaland Teater.

Svein Harry Hauge er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har etter endt utdanning jobba ved mellom anna Teater Ibsen, Oslo Nye Teater og Rogaland Teater. I tillegg til sitt virke som skodespelar har han også erfaring som regissør, dramatikar og kunstnarleg leiar.

I 2010 vart han nominert til Heddaprisen for rolla si i John Gabriel Borkmann,og mottok Bibelprisen i 2007 for rolla som Josef i framsyninga «Jesus, gutten min».

Svein Harry starta si teaterkarriere i Tromsø, med frigruppa Cumulus i 1988. Hausten 2015 medvirka Svein Harry i musikalen I blanke messingen og våren 2016 spelte han i Jaktlaget av Jo Strømgren. Denne hausten spelar han i Landstrykere – fritt etter August av Hamsun.