Songbird – Rita Eriksen syng Eva Cassidy

Stad: Bømlo kulturhus, storsalen
Dato: 07. september 2017
Tid: 19.00
Arrangør: Bømlo kulturhus
Nettside: www.bomlokulturhus.no
Den Store Stemma står i fokus når Rita Eriksen syng seg inn i Eva Cassidy sitt sjelfulle, musikalske univers.

I denne konserten får me endeleg oppleva Rita Eriksen sitt fulle register – slik heile Noreg stemte henne fram som den første vinnaren av NRKs Stjernekamp. Første runde av konsertturneen i vår var en stor suksess med fulle hus i m.a. Drammens Teater, Ibsenhuset og Oslo Konserthus med over 1100 besøkjande.

Med si klokkeklare røyst bergtok Eva Cassidy ei hel verd med sine tolkingar av nyare amerikanske klassikarar frå 1960-, 70- og 80-tallet. Rita Eriksen er ei beslekta sjel. Ho vaks opp i same tiår som Eva Cassidy og har henta inspirasjon i det same musikalske landskapet – frå soul til blues, folkemusikk til pop. Bunde saman med parallellar frå sine respektive liv og musikalske forbilder byr Rita Eriksen i denne konserten på klassikarar som Fields Of Gold, Over The Rainbow, God Bless The Child, What A Wonderful World, Time After Time, Chain of Fools og sjølvsagt Songbird.