Sunnhordland

Nettmøte

Spørsmål og svar

Av: Mats 6a Leirvik Skule

Bokmål og nynorsk

Kvifor kan ikkje heile Noreg skriva eit språk.Bokmål, sidan flest skriv det.

Hei, Mats!

Alle KAN jo skriva bokmål, og mange gjer det. Men dersom me skal læra NORSK, må me læra både bokmål og nynorsk. Eg brukar seia at bokmål er kanskje norsk (sjølv om det kjem frå dansk), men norsk er ikkje bokmål. Det er både bokmål og nynorsk.

Dette har med språkhistoria å gjera, og det skal eg sikkert skriva meir om i eit anna svar, men det handlar om at nynorsk er det skriftlege uttrykket for norsk språk, slik det er ført fram munnleg gjennom alle dialektane, og endeleg "fanga" på papiret av Ivar Aasen. Sidan hans tid har nynorsk vore norsk, og mykje av vår litteratur og andre kulturuttrykk er skrivne ned på nynorsk. Det er hovudmålet til fleire hundre tusen nordmenn - me kan ikkje berre fjerna det med eit pennestrøk!

Hege

Av: Håvard 6a Leirvik skule

Dialektar

Kvifor er det så mange ulike dialektar i Noreg?

Hei Håvard!

Eit godt spørsmål! For lenge, lenge sidan var det faktisk ikkje så mange ulike dialektar - folk snakka ganske likt over heile landet, og på Island og i Sverige og Danmark òg.

Etter kvart byrja språka å utvikla seg ulikt, fyrst eit skilje mellom svensk/dansk og norsk/islandsk, seinare byrja dei ulike dialektane å voksa fram. Me kan sjå at folk som har hatt kontakt med kvarandre snakkar likare enn dei som ikkje har hatt kontakt, slik at folk på to sider av ein fjord snakkar ofte likare enn dei som har hatt eit høgt fjell mellom seg.

Av: Julie, 6A Leirvik skule

Språk

Er nynorsk og bokmål to forskjellige språk ?

Hei, Julie!

Dette er noko dei lærde stridest om! Nynorsk og bokmål er på mange måtar to skriftlege uttrykk for det same språket, nemleg norsk. På den andre sida er kvart av dei eit fullstendig språk, med sin eigen grammatikk og sine eigne kjenneteikn.

Det er eit definisjonsspørsmål når ein skal dela opp i ulike språk, og kva ein kallar ulike dialektar eller variantar av same språk.

Av: Anonym

NMU

Hypotetisk situasjon: Du er 18 og du vert beden om å sitja i NMU-sentralstyret -- ja eller nei?

JA!

Eg har sjølv arbeidd i Norsk Målungdom (som skrivar = dagleg leiar) i to år. Å vera med sentralt i NMU er ein svært god skule å gå, og vil gje deg mange fordelar seinare i livet, anten det gjeld studium eller jobb. Det har i alle fall eg erfart!

Av: Maren Sofie

Skriveoppgave

Har skrivedag i nynorsk i dag og lurer på hva slags punkter som er viktigst om nynorsk i 2007? I Oslo har de nå et prøveprosjekt som går ut på å kutte ut nynorsk som sidemål. Trur du det er starten på at nynorsk blir utryddet i skolen, og vi mister en viktig del av norsk kultur?

Om byrådet i Oslo får det som dei vil, så er det nok det, men me kjempar imot med nebb og klør!

Det såkalla "forsøket" i Oslo er eit reint politisk føretak, og har ingenting med forsøk på å gje betre undervisning å gjera. Dei kallar det valfritt sidemål, men dei som valde å ha sidemål som vanleg vart nekta undervisning! Heldigvis er Utdanningsdirektoratet kritiske til vidareføring av svindelen, og det same er fagfolk ved Universitet og Høgskular - dei hadde store problem med å finna nokon som ville ta på seg evalueringa av forsøket. Eg trur ikkje dei får godkjenning for å vidareføra dette.

Når det gjeld nynorsk i 2007, kan ein til dømes spørja seg korleis dei norske dialektane utviklar seg, forholdet mellom dialekt og skriftspråk, kva som påverkar ungdom når dei skal velja kva skriftspråk dei vil bruka (mange går over frå nynorsk til bokmål på ungdomsskulen eller vidaregåande - kvifor det?).

Av: Stian andre flor

HEI

ER du lesbisk

Eg kan ikkje sjå at det har noko med nynorsk å gjera.

Av: Vemund

Kutt nynorsk, lær Swahili (eller et annet språk)!

For å lette integreringen av invandrere i Norge bør nordmenn bli flinkere til å lære andre språk.

Timene man bruker på å opprettholde et ekstra skriftsspråk kunne i stedet bli brukt til å utvide våre egne horisonter. Å lære et annet språk bidrar til økt kulturforståelse samtidig som man får en større forståelse for problemene invandrere har med å lære seg norsk.

Som nordmenn ønsker vi å bidra til å gjøre verden til et bedre sted å leve. Kanskje det kan være en tanke å gjøre det litt enklere for de som kommer til oss for å begynne et nytt liv?

Hei!

Eg er heilt samd med deg i at det er viktig å læra andre spåk, og at me bør gjera alt me kan for å møta folk som kjem til Noreg frå andre land på ein god måte. Eg er likevel ikkje samd i konklusjonen din.

For det fyrste er nynorsk (og bokmål) ein del av morsmålsfaget norsk. Det er ikkje separate timar som kan plukkast ut og fordelast på andre fag, slik mange argumenterer med. Det er heller ikkje slik at det er så veldig mange timar å ta av - svært mange får (diverre) mangelfull sidemålsundervisning, og dei få timane dei får er neppe nok til å ein gong byrja å snusa på Swahili (eller eit anna språk). Det er heller ikkje slik at opplæring i nynorsk (eller bokmål, om det er sidemålet ditt) hindrar læring av andre framandspråk. Tvert om - mykje tyder på at til meir språklæring/-trening du får, til lettare er det å læra andre framandspråk.

For det andre er det mange innvandrarar som er glade i nynorsk, og forstår grunnane til at me har og brukar det betre enn mange nordmenn. Som ei jente frå Holmlia i Oslo sa det: "Jeg er så glad jeg ikke er norsk, for da hadde jeg sikkert hata nynorsk jeg også"

Av: Gammal alliert

demokratisk?

Utsegna "Nynorsken er eit demokratisk prosjekt" stod nyleg på trykk i Klassekampen, det var nokon tilknytta Norsk ordbok som sa det. Du er neppe usamd, men kva betyr det - i dag (og ikkje på Aasens tid)? Meiner du?

Tja, slike utsegner er litt problematiske på fleire måtar, for dei blir svært abstrakte og mangetydige. Men nynorsk og demokrati har vorte kopla saman på to måtar:

Nynorsk er demokratisk fordi det var ei medverkande årsak til at vanlege folk, og ikkje berre eliten, kunne delta i det offentlege rom med skriftlege diskusjonar. Nynorsk var eit skriftleg uttrykk for språket til vanlege folk. Det var det svaret du ikkje bad om. Men oppover gjennom tidene har målrørsla og nynorsken vore med på å demokratisera det offentlege rommet vidare, gjennom kampen for dialektane, og den munnlege, direkte uttrykksmåten i nynorsk har påverka bokmålet òg.

Den andre måten å sjå på nynorsk som demokratisk på, er at han byggjer på det som er felles for alle dialektane, og ikkje på eitt overklassemål, slik som bokmål og mange andre språk gjer.

Av: Håkon

Kvifor ikkje berre la alt flyta fritt?

Er no dette noko å stressa med? Kvifor ikkje berre la folk snakka og skriva slik ein vil? Tyder eigentleg målform og målføre noko som helst? Er det ikkje kampen mot engelsk me bør konsentrere oss om?

Folk både skriv og snakkar slik dei vil - og det kjem dei sikkert til å halda fram med. Men i nokre samanhengar har me bruk for standardar, og då må me bli samde om kva standard me skal ha, og om det skal vera bokmål, nynorsk (eller engelsk).

Om du meiner alt berre like godt kan flyta fritt, kvifor skal me då slåst mot engelsk? Denne tankegangen og argumentasjonsmåten er jo nettopp eit argument for det rasjonelle i at heile verda brukar berre eitt språk - engelsk. Då kan jo alle kommunisera, og alle kan lesa dei same bøkene, og så vidare.

Dei fleste ynskjer likevel å halda på sitt språk, og bruka det i dei fleste samanhengane. Me bør sjølvsagt likevel læra oss både engelsk og gjerne andre språk, til bruk i dei situasjonane der det er naudsynt og høveleg (det kan diskuterast når det er).

Men språk er meir enn kommunikasjon, meiner i alle fall eg.