Sunnhordland




Papirutgåva
i dag





Nett - TV
Studentar og sterkemenn show

Fem mest leste





Kva meiner du?
Kvar går sommarferien? Stemmer: 767


Biletserie
Vervadagane





Ledig stilling





Siste debatt innlegg


Siste DVD-nytt




Nettmøte
Lone Lunemann Jørgensen på nettmøte

Lone Lunemann Jørgensen, 2. kandidat for Raudt, stilte til nettmøte fredag 4. September klokka 13.
 

Spørsmål og svar
Av: Tor
Rødt på vippen!

Vil Rødt uansett støtte etableringa av ei ny Stoltenberg -regjering, eller kan me risikera at Siv jensen vert statsminister fordi Rødt ikkje får innfridd krav til ei ny stoltenberg-regjering?

Heisann!
Ei røyst til Raudt er ei røyst så langt unna Siv Jensen og FrP du kan komme. Vi føretrekk den raudgrøne regjeringa, for vi ser kva alternativet er, men vi er ikkje nøgd med kva dei har fått til. Det beste alternativet av dei vi har føre oss er ei raudgrøn regjering som kvar dag blir pusta i nakken av Raudt si Stortingsgruppe.

Vi kjem til å utfordre regjeringspartia, spesielt SV, på deiras eiga partiprogram og løfte. Vi kjem t.d. til å foreslå likelønnspotten for kvinner i offentleg sektor som både SV og SP har programfesta at dei er for - men som dei ikkje har foreslått i Stortinget.



Av: K
Krig.

Kvifor vil de hente soldatane heim frå Afganistan?

Hei!
Dei norske soldatane er ikkje, som mange trur, i Afghanistan for å byggje fred og demokrati eller for å drive kvinnefrigjering. Dei er der for å hjelpe USA med å ta kontroll over naturressursane i Midtausten. Situasjonen i Afghanistan har heller ikkje blitt betre på dei åtte åra vi har delteke i krigen. Sivile dødstal har stege, 1 av 6 kvinner døyr i barsel og nyleg blei det vedteke ein lov som gjer mannen lov til å voldta og nekte kona si mat dersom ho seier nei til sex i seks dagar.

Dessutan vil vi ha eit sterkt norsk forsvar som kan brukast til å forsvare dei norske landegrensane, ikkje til å bombe sivile i verdas fattigste land.

I dag er det ingen av dei andre partia på Stortinget som er mot krigføringa i Afghanistan. SV har røysta for å løyve pengar til krigen. Raudt meiner det er eit demokratisk problem at ikkje det finst krigsmotstand på Stortinget.



Av: A
Høgare utdanning

Kva vil Raudt gjere for å fremja og betra høgare utdanning?

Hei og takk for bra spørsmål!

Raudt vil avvikle den sokalla Kvalitetsreforma, som er ein reform som i større grad gjer høgare utdanningsinstitusjonar til arbeidskraftfabrikkar.
Den eksterne innflytelsen i institusjonane økas, løyvingane kuttes og studentanes stipendandel avgjørast av studiepoeng. Universitet og høgskuler må konkurrere om studentar for å få sin del av løyvingane, noko som rammar både mindre utdanningsinstitusjonar og mindre fag. Raudt arbeidar for at Noreg avvisar forslag innen Gats-forhandlingane som gjer utdanning til ei internasjonal handelsvare. Universitetet som institusjon for kunnskapsutvikling svekkast. Både tilsette og studentar blir i stadig større grad reprodusentar og ikkje utviklarar. For å motvirke dette ynskjer Raudt å sikre den frie grunnforskninga og styrke studentars moglegheit til å påvirke det faglege innhaldet.
Studentanes økonomiske og sosiale vilkår må også bli betre. Sjølv om ein har fått ei viss auking i den generelle ramma for studiestøtte, ligg studentane langt etter andre grupper i samfunnet. Prisane i studentbarnehagane har auka kraftig, og prisane på utleigebustadar og studentkantiner er definert ut frå marknadsprisane. Vi vil byggje fleire studentbustadar. Raudt vil også ha arbeidsmiljølov for studentar, slik at man får retter som arbeidstakarar.



Av: A

Kvifor vil Raudt byggja ned forsvaret?

Hei!
Raudt vil ikkje byggja ned forsvaret. Vi vil ha eit forsvar som er rusta til å forsvare våre eigne landegrenser, som baserar seg på eit mobiliserbart vernepilktforsvar, og som ikkje skal brukast til å gå i angrepskrig mot andre land.

Stortingsfleirtalet i dag prioriterar eit profesjonelt militærapparat som i stor grad baserar seg på verving. Dette vil dei setje inn i intervensjonskrigar verda rundt. Det er Raudt i mot.

Dessutan vil vi ha kjønnsnøytral verneplikt!



Av: K
Helse

Kva vil Raudt gjere for å korte ned helsekøane i Noreg?

Hei!
Det er eit alvorleg symptom på at noko er gale når det døyr folk i helsekø i verdas rikaste land.
Vi vil fjerne helseføretaka, som AP innførte i 2002, og forsøka på å lage marknad og butikk ut av helsevesenet vårt. Dette vil gjere at dei tilsette kan fokusere på det som er jobben deira, nemlig å hjelpe sjuke menneske og å yte omsorg i staden for å fylle ut skjema. Dessuten vil det fjerne eit heilt lag av sjefar, byråkratar og konsulentar. Pengane man sparar på dette kan gå til fleire sjukehussenger, fleire operasjonar og fleire helsearbeidarar og leger.

Eit anna viktig moment er lønna folk i helse- og omsorgssektoren får. Sjukepleiarar får 85 % av det ingeniørar får - til tross for like lang utdanning. Vi kjem til å foreslå ein likelønspott på Stortinget. Viss regjeringa meiner alvor med å skulle få 15.000 nye hender i denne sektoren må dei faktisk ta innover seg at man skal leve av den lønna man får. Vi krevjer også lovfesta rett til heiltid.



Av: Jarle
Kvifor ut av Nato ?

Kvifor vil Rødt at Norge skal melda seg ut av Nato ? Kva er galt med dette medlemskapet ? Kva er alternativet ?

Hei Jarle!
Raudt meiner NATO er eit reiskap for amerikansk imperialisme og plyndring av den tredje verda. Ved å være med i NATO underordnar vi oss USA.

Medlemskapen vår i NATO førar også til at vi leggjer om forsvaret vårt frå eit forsvar som skal forsvare Noregs suverenitet til å føre krig der USA vil. Dette har ført til at forsvaret ikkje lenger er i stand til å forsvare Noreg (sjå også svaret på spørsmålet om vi vil byggje ned forsvaret).

Vi ynskjer oss eit forsvar som er bygd på folkeleg oppslutning og verneplikt med det einaste føremål å forsvare Noreg mot angrep utanifrå. Skal vi ha ein forsvarsallianse med andre enn oss sjølv, så meiner eg personleg at det mest naturlege ville vere å samarbeide med våre nordiske naboar.



Av: Steinar F.
Pengar til alt?

Synst eigentleg dåke minner litt om FrP. Korleis skal dåke få pengar til alt? Høgare skattar?

Hei Steinar.
Hehe, eg veit ikkje heilt om eg sjølv ville ha sagt at vi minnar litt om FrP. Medan dei vil opne for privatisering i helsevesenet og alle andre plassar, så meiner vi at grunnlaget for gode velferdsordningar ligg i det offentlege.
Problemet i dag er at det allereie er ein del ufornuftig pengebruk i samfunnet. Ta helseføretaka som eit døme. Der brukast det millionar på konsulenttenestar og byråkrati i staden for å gje folk eit bra tilbod.

Høgrepartia er flinke til å fortelje veljarane at dei ynskjer skatteletter. Det dei også er flinke til er å skjula kven dei ynskjer å gje skatteletter til. Dersom FrP sin skattemodell hadde vore gjeldande i dag ville dette betydd ein skattelette til norges 17 rikaste personar på over 500 millioner kroner. Kjell Inge Røkke åleine vil få eit skattekutt på 110 millioner kroner.

Raudt er sterk motstandar av ein skattemodell som vil gje meir til dei rike, mindre pengar til felleskassa og til sjuande og sist mindre velferd. Raudt meiner at ein i staden for å overlata rekninga til folk flest, skal dei rike betale meir.

Raudt sin skattemodell er bygd med tanke på balanse mellom velferd og solidaritet. Dei rikaste må betale relativt meir enn dei som har lite, og dei som har minst bør ikkje betale skatt i det heile.

- Raudt går inn for å auke frikortgrensa til 210 000 kroner.

- Vi vil fjerne matmomsen og moms på tenester.

- Vi vil fjerna eigenandelane i helsevesenet.

- Toppskatten skal gjelda for inntekter over 600 000 kroner.

- Aksjeutbytte skal skattleggjast som lønsinntekter.

- aksje-, finans- og valutatransaksjoner skal skattleggjast.

Raudt sin skattemodell er enkel. Ta frå dei rikaste og del det med folk flest!



Av: Jonas
Folket mot makta!

Hvordan kan et så lite udemokratisk parti som Rødt påstå at dere representerer folket mot makta?

98% minst er ueninge med dere i stort sett alt, så slutt å påstå at dere representerer vanlige folk.

Fantastisk spørsmål!
Rundt omkring i landet jobbar Raudtpolitikarar i lokalpolitikken, ilag med vanlege folk. Vi kjempar mot nedlegging av lokalsjukehus og skuler, for rassikring, mot krigen i Afghanistan, for ungdomshus og fritidsklubber også vidare. Mange kjenner Raudtpolitikarar som ærlege og flinke folk som gjer ein god innsats for sine lokalsamfunn.

I tillegg vil eg sei litt om ideologien vår. Vi tykkjer vanlege folk i Noreg har for lite makt, og at det nyttar lite å røyste på Jens eller Jensen for å få forandring. Vi vil at vanlege folk (eller arbeidarklassen som eg liker å kalle dei) skal få mot og styrke til å ta makta sjøl. For det er ikkje vanlege folk som har bestemt at kommunane i Noreg skal ha dårleg økonomi eller at bussen skal bli dyrare.

Også tykkjer vi det er ufornuftig at alt skal handle om å tene pengar på det folk treng. Fylkeskommunen må spare pengar, difor blir busstilbodet dårlegare. Helsesektoren skal spare pengar, difor blir helsetilbodet dårlegare. Viss vanlege folk fekk bestemme ville det nok vore meir fornuftig økonomistyring i Noreg.

Vi får ikkje gjennomslag for ei heilt anna økonomisk styring i Noreg ved å komme inn på Stortinget. Men vi kan sette fokus på at dei som styrer i dag ikkje vil folks beste. Og vi kan få gjennomslag for bra ting vi veit folk er einige med oss i.



Av: fortvilet sv velger
Korfor skal jeg stemme rødt

hei, jeg er en sint SV velger som vurdere å stemme Rødt denne gangen, og jeg tror at jeg er ikke alene om det. Jeg liker ikke at SV sitter i regeringen og administrer NATO og EU politik. Meningsmålingene i disse dager viser at Rødt kan få ett mandat fra Hordaland. Synes det ville være synd dersom resultatet på valgdagen viser at Torstein dale manglet få stemmer til å komme inn på Stortinget, mens SV hadde flere tusen stemmer enn dem trengte for å få inn Audun Lysbakken.
Kan du gi meg flere grunner og overbevise meg for at jeg skal stemme Rødt og ikke SV denne gangen. lykke til med valget

Hei SV-veljar!
Mange røysta på SV fordi dei vil at Noreg skal slutta å føra krig i andre land, og føra ein sjølvstendig utanrikspolitikk, ikkje berre dilta etter USA i det bisarre krigseventyret deira i Asia. Mange trudde på lovnadane om å fjerna fattigdommen og retta opp kommuneøkonomien. Mange hadde vel eit håp om at SV skulle få gjennomslag for ein del av skulepolitikken sin. Og mange miljøaktivistar hadde stor tru på at ein med SV og Sp i regjering ville kunna føra ein miljøpolitikk som verkeleg monna.
Mange har vorte skuffa. Med SV som deltakar i regjeringa har ingen på Stortinget representert motstanden mot Noreg og USA si krigføring. Med Kristin Halvorsen som «ansvarleg» finansminister har ikkje kommuneøkonomien fått noko løft utover det som kom av dei gode tidene i verdsøkonomien og industrien, og dei fattigaste er framleis fattige. Med SV og Sp saman med oljefanatikarane i Ap har ikkje miljørørsla hatt nokon som kan tala deira sak. Tvert imot, miljørørsla kan sjå attende på ein periode der det er høgreopposisjonen som har stått i spissen for ein litt mindre dårleg klimapolitikk. Antikrigsrørsla er heilt lamma, sjølv om fleirtalet av det norske folket var mot å delta i okkupasjonen av Afghanistan. Ingen har representert motstanden mot raseringa av folketrygda. Og i skulepolitikken har SV-statsråden tatt over stafettpinnen etter Kristin Clemet, der målet med skulen er å dokumentera og overvaka, ikkje å undervisa og læra.
I tillegg til at SV har tabba seg ut i regjering på ein del av sine viktigaste saker, så er det ein vesentleg forskjell på kva SV og Raudt vil. Raudt vil ha ei grunnleggande samfunnsendring for at folk skal få meir makt over sin eigen kvardag, sitt eige arbeidsliv og sine eigne pengar. Det har vi ikkje tenkt å foreslå på Stortinget, for då ville vi blitt nedstemt. Likevel er det viktig at Raudt får dei røystene vi treng for å komme inn, av tre grunner:
1. Det er eit demokratisk problem at det ikkje er nokon opposisjon på Stortinget til venstre for SV. Ingen på Stortinget er mot krigen i Afghanistan. Ingen kjem til å forsvare uførepensjonen. Ingen kjem til å reise forslag om å reversere sjukehusreforma som gjer at helsetilbodet blir dårlegare. Det kjem Raudt til å gjere. Difor trengs Raudt!
2. Ei røyst til Raudt er ei røyst så langt unna Siv Jensen og FrP som det går an. Vi føretrekk ei raudgrøn regjering fordi vi ser at alternativet er mykje dårlegare, sjølv om vi ikkje er nøgde med dagens regjering. Vi kjem til å puste den raudgrøne regjeringa i nakken kvar einaste dag, for å få dei til å halde løfta sine og for å dra dei eit par hakk til venstre.
3. Raudt kjem til å samarbeide med alle som er einige med oss i dei sakane vi tek opp. Vi har større sjanse for å få gjennomslag for sakene våre når vi ikkje er avhengige av blokkdanningar på Stortinget.

I tillegg er det faktisk utaktisk å ikkje røyste Raudt. I mange fylker er Raudt mykje nærmare vårt førstemandat enn SV er sitt 2. mandat. Godt val!




 















Sunnhordland
© 2006 Sunnhordland
Sentralbord: 53 45 00 00
Postadresse:
Boks 100, 5401 Stord

Hovudkontor:
Borggata 15, Stord
Ansvarleg redaktør:
Magne Kydland
Sunnhordland
Sunnhordland arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningslinjer for god presseskikk.