Sunnhordland




Papirutgåva
i dag





Nett - TV
Studentar og sterkemenn show

Fem mest leste





Kva meiner du?
Kvar går sommarferien? Stemmer: 767


Biletserie
Vervadagane





Ledig stilling





Siste debatt innlegg


Siste DVD-nytt




BØMLO • FITJAR • KVINNHERAD • STORD • TYSNES
Om Sunnhordland:
Sunnhordland er lokalavis for kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Hovudkontoret ligg i Borggata i Leirvik, i sentrum av regionsenteret Stord. Avisa har òg lokalkontor i Fitjar, og i tillegg lokalredaksjonar for Bømlo, Kvinnherad og Tysnes. Heile redaksjonen har 15 medarbeidarar. I tillegg til å presentera daglege nyhende, skal avisa vera arena for debatt om lokale spørsmål. For å kunne laga ei god avis er me avhengige av kontakt med våre lesarar. Tips oss gjerne om stort og smått! Sunnhordland kjem ut måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Målet med Sunnhordland.no er å utvida tilbodet til lesarane våre.
 

Mange lesarar:
Ferske nyhende frå lokalmiljøet og annonser som gjev nyttig informasjon er kjærkome hjå dei fleste. Avisa har ein solid posisjon i marknaden og er førsteavisa i kommunane Stord og Fitjar. Elles er det bra dekning på Tysnes, i Kvinnherad og på Bømlo. Om lag ein gong i månaden kjem avisa ut i bulk til alle dei 20.000 husstandane i Stord, Sveio, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Sunnhordland har 24.000 lesarar kvar dag. På øya Stord og i Bømlo er Sunnhordland distribusjon AS ansvarleg for at avisa blir kjem i postkassane før klokka 07.00. Elles blir avisa distribuert med posten. Godkjent opplag for 2007 var 7.985. 87,6 prosent av lesarane les avisa heime. Målingar viser at høgast lesekvalitet oppnår ein gjennom å lesa i fred og ro, der tid er avsett til avislesing. Avisa blir lesen av folk i alle aldrar.
 

Sprek hundreåring:
Sunnhordland feira 100 år 1. mai i 2002. Med eit nært forhold til lokalmiljøet og innbyggjarvekst har avisa hatt jamn auke sidan Jens Hystad, trass i han var blind, starta avisa i 1902. Avisa er undervegs blitt familiaksjeselskap og blir i dag driven med Reidar Hystad (fjerde generasjon) som dagleg leiar. Ansvarleg redaktør er Magne Kydland, medan Håvard Hystad (tredje generasjon) er redaktør.

Avisa Sunnhordland har trykt avisa i eige trykkeri sidan 1905. Det byrja i ein kjellar i eit hus i Borggata på Leirvik. Etterkvart trykte ein også andre aviser og alle slags typar trykksaker i eige trykkeri. Sunnhordland har vore med på ein enorm utvikling gjennom mange år. Våren 2000 flytta ein då trykkeriavdelinga opp til Heiane næringsområde til eit moderne produksjonslokale.

Avisa har moderne grafisk utstyr og fagfolk i alle ledd. Konsulentane og typografane våre står til teneste for alt innan annonsering. Sunnhordland er ei moderne avisbedrift med eiga presse, trykkeri og 45 tilsette. Nettutgåva Sunnhordland. no opna april 2006.

Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening. Nynorskavisa har og eigarskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
 















Sunnhordland
© 2006 Sunnhordland
Sentralbord: 53 45 00 00
Postadresse:
Boks 100, 5401 Stord

Hovudkontor:
Borggata 15, Stord
Ansvarleg redaktør:
Magne Kydland
Sunnhordland
Sunnhordland arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningslinjer for god presseskikk.