Sunnhordland




Papirutgåva
i dag





Nett - TV
Studentar og sterkemenn show

Fem mest leste





Kva meiner du?
Kvar går sommarferien? Stemmer: 767


Biletserie
Vervadagane





Ledig stilling





Siste debatt innlegg


Siste DVD-nytt




NETTKAMERA
Leirvik, Stord

Her ser du utsikten frå redaksjonen til Sunnhordland på Leirvik, inn mot gjestehamna i Evjo. Hamna er knutepunkt mellom snøggbåtar og busstrafikk i Sunnhordland. I sentrum er det eit variert tilbod innan handel, kultur, uteliv og offentleg verksemd. Gratis trådlaust breiband i hamna.



 
 
Torget, Stord

Kameraet viser Torget på Leirvik og deler av Borggata frå Stord rådhus på Leirvik. Torget er Stord kommune sin tusenårsstad. På torget får ein kjøpt frukt, grønsaker, fiskemat, blomar og anna. Leirvik er regionsenter i Sunnhordland og administrasjons- senter i Stord kommune. Stord vart by i 1997 og er den største byen i verda som har nynorsk som skriftspråk.



 
 
Fjellhaugen, Kvinnherad

Kameraet viser Fjellhaugen Skisenter i Kvinnherad. Skisenteret står ved terskelen til store turområde som strekkjer seg heilt inn til den sørlege delen av Folgefonna. Fjellhaugen Skisenter har fem kilometer lysløype vanlegvis preparert både for klassisk og skøyting, i tillegg til skitrekk.



 
 
Alsakernes, Kvinnherad

Kameraet til Statens vegvesen viser føreforhalda på fylkesveg 40 til Åkra og delar av den fagre, vesle bygda. Du ser òg delar av Åkrafjorden på biletet, og kva temperatur det er.



 
 
Mehammar, Stord

Kameraet til Statens vegvesen viser temperaturen på E39 ved Mehammar på austsida av Stord.



 
 
Førde, Sveio

Rett nord for Førde i Sveio står dette kameraet til Statens vegvesen og viser E39. I området pleier det ofte å vera kaldt og glatt om vinteren.



 
 
Sjøsio, Fitjar

Kameraet viser utsikt frå handlehuset Odd Larsen. Nærmast ligg gjestehamna, som har gratis trådlaust breiband. I bakgrunnen til høgre ligg Fitjar Mek. Verkstad. Mot venstre ligg Fonno, ein av dei største av dei kring 300 øyane i kommunen.



 
 
Stord lufthamn Sørstokken

Kameraet viser utsikten mot Stord lufthamn Sørstokken. Lufthamna blei opna i 1985. Rullebanen er 1.460 meter. Nytt terminalbygg vart teken i bruk i august 2001, og ny brannstasjon kom i 2008. Faste ruter til Oslo.



 
 
Kulleseidkanalen, Bømlo

Kulleseidkanalen stod ferdig i 1856, og er i dag ein populær attraksjon for båtturistar. Kanaldagane, første helga i september, samlar mange tilreisande. Like ved vegen ligg matbutikk og bensinstasjon.



 
 
Hollundsdalen, Bømlo

Kameraet viser utsikt frå Finnås kraftlag. Hollundsdalen ligg i nærleiken av Svortland, og er eit næringsområde med nokre butikkar, byggjevareutsal og fleire høgteknologiske bedrifter.



 
 
Sunde, Kvinnherad

Den gamle handelsstaden Sunde er godt likt av båtturistar. Båthamna her har gjestebrygger og er utstyrt med toalett, dusj og vaskemaskin. Frå ferjekaien på Sunde går det snøggbåt til Leirvik og Ranavik. Nettkameraet er levert av Protech Telecom.



 
 
Tjødnalio, Stord

Utsyn mot Tjødnalio, ein av to skulekrinsar rundt den nest største tettstaden i Sunnhordland, Sagvåg. I bakgrunnen til venstre ligg Utslettefjellet, medan Kattnakken ligg til høgre. Sagvåg har kring 4000 innbyggjarar og ei flott båthamn og ei rad butikkar i sentrum.



 
 
Fitjar

Kommunesenteret på Fitjar har ei rad butikkar, kafe, bank, hotell, vidaregåande skule, kultur- og idrettsbygg. Bygda er kjent for revyane sine. Bak forretningsbygget du ser på biletet, ligg det ei god gjestehamn med gratis trådlaus breiband.



 
 
Langevåg, Bømlo

Kameraet viser hamna i Langevåg og Langevåg bygdatun frå kontora til reiarlaget Eidesvik. Langevåg er den sørlegaste tettstaden på Bømlo. Herifrå går det ferje til Buavåg i Sveio. Langevåg Bygdatun er eit fleirbrukshus med kultur- og konferansesal og idrettshall.



 
 
Svortland, Bømlo

Kameraet viser delar av Bømlo Kulturhus og parkeringsplassen bak Sams Senter. Svortland er kommunesenteret i Bømlo, og har ei rad butikkar, fleire offentlege kontor, nokre kafear og eit hotell.



 
 
Husnes båthamn, Kvinnherad

Husnes er største tettstaden i Kvinnherad. Her finn du over 50 butikkar, helsesenter, hotell, fleire restaurantar, idrettsanlegg, offentlege kontor og hjørnesteinsverksemda Sør-Norge Aluminium. Gjestehamna er kåra til den beste i Noreg to år på rad. Her er gratis trådlaust breiband, grill og høve for fotball, volleyball, hesteskokasting og golf.



 
 
Høylandsbygd, Kvinnherad

Høylandsbygd ligg i sør-austre enden av øya Halsnøy i Kvinnherad, ved Høylandssundet. Bygda har litt over 400 innbyggjarar og folketalet i industribygda veks. Eide-Gruppen og Bergen Yards Halnøy Verft er dei største verksemdene. Det er butikk i bygdatunet. Nettkameraet er henta frå www.hoylandsbygd.no.



 
 
Sæbøvik, Kvinnherad

Halsnøy vert kalla "perlo" i Sunnhordland. Det bur like over 2000 menneske på øya. Sæbøvik er sentrum. Her er skule, samfunnshus, bakeri, kafear og fleire butikkar. Høgdepunktet kvart år er fiskefestivalen som samlar fleire tusen menneske. Biletet er henta frå fjordferie.net. I bakgrunnen til venstre ser du Fjelberg og Borgundøy.



 
 














Sunnhordland
© 2006 Sunnhordland
Sentralbord: 53 45 00 00
Postadresse:
Boks 100, 5401 Stord

Hovudkontor:
Borggata 15, Stord
Ansvarleg redaktør:
Magne Kydland
Sunnhordland
Sunnhordland arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningslinjer for god presseskikk.