Sunnhordland

Språket vårt
  • ved Kari Lønning Aarø

Lenkjer



Tidlegare artiklar

Kolpussane

SPRÅKET VÅRT: I dag er indrefilet, kolapussa, den sværaste maten ein kan få, men før vart dette kjøtet brukt til pølser og kjøtkaker.

I dag skal de få møta eit ord de neppe har vore borti før. Marta Tyse ringde ein dag og fortalde at då ho var barn, kalla dei indrefileten for kolpussa. Ho trudde lenge at dette namnet var eit internt ord til bruk i heimen, men så fekk ho høyra at ein frå Voss sa kolapusa.
 
Eg var førebudd på å leita ei stund etter denne lingvistiske godbiten, men kva skjedde? I Hans Ross si ordbok gjekk eg meg rett på ordet kolpus brukt om mørbrad, ytrefilet.
 
Kolpussar, indrefilet, er ein stor muskel på innsida av ryggbeinet til dyret. Ordet er oftast brukt i fleirtal, som kolpussa her og kolapusa på Voss. Og til dei som kjenner Pontoppidan, kan eg fortelja at også han brukte ordet! Det er kjent både i Sogn og Nordhordland, og no viser det seg altså at det finst i Sunnhordland, òg.
 
Kva tyder så kolpus? Går me til eldre engelsk og svensk, finn me ordet colhoppe, «den som hoppar på kol». I svensk har det utvikla seg vidare til former som kalops og kollops, medan det i engelsk er blitt til collops, «steikt kjøtskive». Ordet har nok vore nytta generelt om alt som vart lagt på glør, anten det var kjøt, fisk eller kakemat.
 
Det er ikkje så lett å avgjera om opphavet til kolpus er svensk eller engelsk, truleg er det svensk. Elles fann eg forma colopus i eldre engelsk, og her er slektskapen med våre kolpussar svært tydeleg.
 
Både i norske og svenske målføre finst framleis ordet kolhoppa, men nemninga glohoppa, «den som hoppar på glør», er betre kjend. Det er ein gjærdeig som vert trykt ut til flate kaker som vert steikte på panna. Mange kallar dette bakverket for klappekaker.
 
Musculus iliopsoas, oftast berre kalla psoas, er namnet på «hofte- og lendemuskelen», som på norsk også heiter fisk. Og no blir det vanskelegare. For fisk er ikkje berre fisk. Grunntydinga av fisk, latin piscis, er «tjukk muskel», og her i Sunnhordland skal ordet ha vore brukt på denne måten.
 
Både psoas og piscis er knytte til fisk gjennom tydinga «muskel». Med ein viss velvilje kan me òg sjå ein ytre likskap mellom desse orda og andrelekken i kolpus. Framandord og eldre ord som blir uforståelege, vert stundom forvanska. (Eit godt døme er Makrellbekken i Oslo. Den heiter eigentleg Markskilbekken!) Ordet kolpus kan såleis tyda «fisken (den tjukke muskelen) som vert steikt på kol».
 
Indrefileten, som går frå hoftebeinet til ribbene, ser ut som ein lang fisk når han er skoren laus frå «svongane» (lysken). Lengda på fileten er 25-30 cm, og omkrinsen til dette ryggstykket med rein muskelmasse kan samanliknast med eit handledd. I dag er indrefilet, kolapussa, den sværaste maten ein kan få, men før vart dette kjøtet brukt til pølser og kjøtkaker.
 
Den opphavlege tydinga av fisk er altså «tjukk muskel». Slik vert det logisk at indrefileten som er ein tjukk muskel og liknar på ein fisk, også vart kalla fisk.
 
Uttrykket fast i fisken skriv seg truleg frå den tida ordet fisk vart brukt på denne måten. Det tyder rett og slett «fast i musklane». Er du derimot laus i fisken, har du lite å visa til.
 
Strekk ut neven og studer den tjukke muskelen på innsida av tommelen. Det er fisken i handa.