Sunnhordland

Kokebok

Søk i oppskriftene

Middag - Fisk

Fiskekaker med kvitlauk

Til fire porsjonar:

500 g filet av lyr
1,5 dl mjølk
2 egg
3 fedd kvitlauk
1 ss graslauk
1 ts potetmjøl
1,5 ts salt
0,5 ts pepar

Slik gjer du:
(Har du fiska lyren sjølv er det best om han ligg i kjøleskåpet natta over. Då blir det enklare å få kakene til å hengja saman.)

1. Bruk kniven på kjøkenmaskina di og lag fiskefarse av fiskefileten (dersom du har ein mindre kjøkenmaskin, kan du gjerne gjera det heile i to vender).
2. Tilset alt det andre og bland saman i kjøkenmaskina.
3. Legg passe store kaker på den varme steikjepanna, og steik til kakene er passe brune på kvar side og gjennomsteikte.

Server med poteter og ei smelta blanding av smør, rømme, litt sitronsaft, graslauk og pepar.

Innsendt av: [ Publisert: 04.02.10 ]