Sunnhordland

Ung

Det er glissent på Stord vidaregåande skule sitt elevbibliotek på Vabakkjen.

Det er glissent på Stord vidaregåande skule sitt elevbibliotek på Vabakkjen.

Elevbiblioteket på Vabakkjen støvar ned

Stord vidaregåande skule sitt bibliotek på Vabakkjen står nesten ubrukt heile veka.

Føremålet med å halda eit bibliotek oppe og gå, er for at studentane ved skulen skal nytta seg av litteraturen som er der, og få hjelp og rettleiing av ein bibliotekar. Men biblioteket på Vabakkjen står nesten ubrukt heile veka.

Blir ikkje brukt
 
Leiinga på Stord vidaregåande skule ser at biblioteket på Vabakkjen blir sjeldan brukt. Det er ikkje mykje aktivitet, og me kan spørja oss sjølve om studentane på Vabakkjen ser tydinga av å bruka biblioteket.

Bibliotekaren, Hanna Mai Halsebakke, merker kor liten interesse elevane har for biblioteket på Vabakkjen. Hanna er fagutdanna som bibliotekar og trivest godt i jobben.

– For meg er det berre kjekt når elevar spør og vil ha hjelp. Elevar kan koma her og sitja i fritimar og i friminutta, og dei kan få hjelp til oppgåver som er vanskelege, informerer Halsebakke.

Ho har lyst til å halda fram i jobben sin, men ho kan ikkje jobba der viss det ikkje er elevar som brukar kompetansen hennar, og som tar seg bruk av litteraturen og media som er på biblioteket.

Forståeleg årsak
 
Det faktum at biblioteket på Saghaugen er mykje større, og meir innsmykka enn på Vabakkjen, er ikkje til å leggja skjul på. Men på Saghaugen går det og betydeleg fleire elevar. På Vabakkjen er det meir praktiske fag, og behovet er kanskje ikkje like stort. Men for at biblioteket på Vabakkjen ikkje skal leggjast ned, må aktivitetsnivået aukast.

Linjene på Vabakkjen, som elektro og mediafag, har også bruk for eit bibliotek der ein kan få hjelp, og ikkje minst ro og fred slik at ein kan jobba godt med skulearbeidet. Line Haukanes går på studiespesialiserande på Saghaugen, og har sine meiningar om korleis eit bibliotek burde vera for at andre studentar skal bruka det.

– For at eg skal gå på biblioteket så må det vera ein plass eg kan setja meg ned og jobba, der det ikkje er så mykje bråk. Eg må ha tilgang til bøker som eg kan få bruk for i skulearbeid, og så må det vera nokon som kan hjelpa oss å finna fram, eller ein plass me kan søkja sjølv for å finna dei rette bøkene. Eg synest det er viktig for elevar å ha tilgang til eit bibliotek der du kan finna informasjon som du kan stola på er gjeven ut av personar som har stor kunnskap om stoffet. Det er dessutan viktig å bruka andre kjelder enn berre internett, utalar Haukanes.

Handling må til
 
For at biblioteket på Vabakkjen skal haldast i live, må det bli brukt meir. Kva kan me gjera? Bibliotekaren meiner at lærarane har ein sentral rolle.

– Lærarane kan gje oppgåver der biblioteket er eit sentralt hjelpemiddel. Eg og lærarane kan ha meir samarbeid mellom oss. Slik at elevane blir kjende med korleis det er å leita fram i oppslagsverk, og fordjupa seg i stoff via faglitteratur bøker, seier Halsebakke.

Ho prøver å vera aktiv på Its Learning, som er ein open portal som elevane bruker for å få info og oppgåver frå lærarar. Her kan ho legga ut info om nye bøker som er komne, påmeldingar og anna. Bibliotekaren vil òg bruka fleire verkemidlar som film, web, reklame og plakatar for og få opp interessa for biblioteket. Men slik biblio-teket ser ut no, er det ikkje plass til så veldig mange personar samstundes. Veggene er keisame, og rommet er ikkje stort nok til at ein kan setja opp fleire vegger.

Den einaste løysinga må bli at biblioteket på Vabakken blir pussa opp. Me håpar fylket ser situasjonen som føregår oppe på Vabakken, og tar eit tak for å redda biblioteket.

Biblioteket på Saghaugen er fullt av kunnskap, men det vert meir eller mindre aldri brukt.

Biblioteket på Saghaugen er fullt av kunnskap, men det vert meir eller mindre aldri brukt.






Siste saker frå Sunnhordland.no

– Eg får ikkje endane til å møtast

– Eg får ikkje endane til å møtast

Les historia til åleine­mora som hentar mat hos Frelses­armeen på Stord.

Ber Stord om å roa ned gull­snakket

Ber Stord om å roa ned gull­snakket

Seriegullet har aldri vore innanfor rekkjevidd denne sesongen, seier Vidar Gjesdal.


Vil ha eigen psykolog på skulen

Vil ha eigen psykolog på skulen

Olav Myhre Eikeland og Andreas Agasøster ønskjer velkommen Ap sitt forslag om skule­psykolog

Fitjar har blitt MOT-kommune

Fitjar har blitt MOT-kommune

Signerte i går samarbeids­avtale med MOT-Norge i går.


Aukar sosial­hjelpa

Aukar sosial­hjelpa

Dei siste fire åra har sosial­hjelpa i Stord ikkje vore justert.

Sjekk dei modellane!

Sjekk dei modellane!

Jarle (13) og Mats (6) Lorentsen opplevde gute­draumen på modelljern­banemessa i Bergen.