
Lenkjer
Tidlegare artiklar
- Hommandeneset, Presthaugshavet, -stell og -vesen
16.10.11 - «Opp i lokto», alt for/altfor, over alt/overalt
09.10.11 - I hytt og vêr og i hytt og pine
23.09.11 - Litt om august
14.09.11 - Flakkavåg, Ølvestaneset, Indianarsvingen og jonsok
29.06.11 - Babla, Babels tårn og blod på tann
17.06.11 - Pinse/pinsti
kvitsunn
10.06.11 - Nokre stadnamn
og ordet gysje
30.05.11 - Litt av kvart
20.05.11 - Våren i mai
16.05.11 - Om hus, bue,
rjome og hanar
09.05.11 - Tyende, Euklid, utkropen og forresten
29.04.11 - Påskeord
18.04.11 - Traskjo, Presten og Klokkaren, kipen og kjipt
08.04.11 - Suvl, tvoga
og levang
02.04.11 - Idiomatiske
uttrykk
28.03.11 - Skomakar, kråna med seg, budle og berre blåbær
25.03.11 - Dei reisande
15.03.11 - Drøla, donta,
drøsa og driva
07.03.11 - Borti hampen
01.03.11 - Gå over bekken etter vatn
19.02.11 - Jommahedlo?
13.02.11 - Gjelda og ofra for kunsten
12.02.11 - Fugleliv
11.02.11 - Frå følgja til føljetong og kakemat
21.01.11 - Longehøljane, Huldastovo og Huldraholo
14.01.11 - Anglifisering
12.01.11 - Gang og gong
19.11.10 - "Hodn om hodn"
12.11.10 - "Å vera van med"
05.11.10 - Kalvekryss og atteleta
29.10.10 - Høva, idast og felage
08.10.10 - Hølp og hop
06.08.10 - Kopeleret
11.12.09 - Fura på, askjele & baskjen
14.11.09 - Kolpussane
07.11.09 - Ordet stund
23.10.09 - Ein herleg lapskaus
16.10.09 - Storamål og å boltra seg
09.10.09 - Formidabel & på måfå
19.09.09 - Hesplatre!
11.09.09
Hommandeneset, Presthaugshavet, -stell og -vesen
Det er historisk sus over Hommandeneset på Nordhuglo. Her er det gjort arkeologiske funn som tek oss 4000 år attende i tid, og mykje tyder på at det var rikfolk med makt og mynde som heldt til på denne staden.
Ein av lesarane våre spør kva som er opphavet til namnet Hommandeneset, og i dag skal me freista å svara på dette.
Namnet kjem frå det norrøne ordet hofmadr, som tyder «stormann, høgare tenestemann hos kongar og høvdingar». Fyrstelekken her er det norrøne substantivet hof, «gard», same ordet som me kjenner att i hoff, «tenestefolk hos ein fyrste». Dei eigedomane som vart omtala som hof, var ofte storgardar med gudshus og tenarskap.
Her i Sunnhordland vart hovmann òg brukt meir generelt om ein herskesjuk, eigenmektig person. Menneske av dette slaget har ofte vore å finna i maktposisjonar, og i ettertid har ordet håmann fleire stader vore nytta litt ironisk om ein sjølvutnemnd leiar.
Nemninga hovmann er kjend over heile landet, og me møter ofte ordet i tydinga «skrivar, fullmektig hos futen». Stadnamn som Håmannsbuo i Ryfylke fortel at her stod huset der futen og håmannen, skrivaren hans, budde når dei heldt ting.
I Norske Ordsprog (1856) presenterte Ivar Aasen alle ordtaka han hadde sanka saman, og eit av fyndorda her dreiar seg nettopp om håmannen: «Hovmann verd sjeldan god Fut». Det luktar kanskje litt «skomakar, bli ved din leist» av dette, men amtmann De Fine, som òg gav ut ei ordsamling (1745), tolka det same ordtaket på fylgjande måte:»En arrig Tjener bliver sjelden god Herre».
Maktposisjonen som er knytt til ordet håmann, har hatt stor overføringsverdi som negativ personnemning. Fleire stader har håmann vore brukt om «Fruentimmer som vil herske», og om jenter som driv med «håmannsfakter», dvs. «ter seg karsleg og skal visa seg».
For eit par veker sidan hadde Arne Berger eit interessant innlegg i Sunnhordland der han mellom anna skreiv om Presthaugshavet der vegen går vidare oppover mot fjellet. Han lurer på om dette namnet skriv seg frå at det har vore vatn her tidlegare. Det kan me ikkje sjå heilt bort ifrå, men det er vel så rimeleg at hav i dette tilfellet er brukt i tydinga «eigedom». Ordet er laga til verbet hava, «det å ha noko». Truleg har området vore felleseige for bruka på Presthaug.
Me finn eit liknande namn i Fitjar der Hopoldrana er eit hogstfelt som grunneigarane på Tuftaland åtte saman. Her tyder ordet hop «sameige».
Gisle Tjong er oppteken av korrekt språk, og i dag tek me med nokre ord han ynskjer å fokusera på, nemleg det kommunale brannstellet, hamnestellet og vegstellet. Endinga – stell vert nytta som fellesnamn på institusjonar og verksemder som har offentlege oppgåver i samfunnet. Ordet kjem av verbet stella, «halda orden på».
Suffikset – vesen, av lågtysk wesen, «vera», er den korrekte bokmålsnemninga for infrastruktur av dette slaget, og endinga har aksla seg fram også i nynorsk.
I dag heiter det Statens vegvesen på bokmål, og denne skrivemåten er òg komen med i den nyaste nynorsordlista (Det Norske Samlaget 2005).
Reint praktisk kan det vera greitt at dei to målformene våre nyttar same nemninga om vegetaten, men i nettutgåva av Nynorskordboka, finst ikkje Statens vegvesen. Fylgjande sitat stadfester dette: Vi har dessverre ingen informasjon om ordet «vegvesen» i nynorskdatabasen korkje i ordlistene eller i ordboka. I nynorskbrukaren sin kvardag er det framleis Statens vegstell som rår grunnen.





