Sunnhordland

Maratonblogg
  • Lars Mæland


Tidlegare artiklar

Smørbukk gjorde susen

Eg fekk meg ein skikkeleg karamell.

Olympiastadion i Amsterdam i 1928. Franske Boughera El Ouafi spring inn til OL-gull på den klassiske maratondistansen med tida 2.32.57. Olympiastadion i Amsterdam i 2011. Wilson Chebet vinn maraton på 2.05.53, han får følgje av løparar frå heimlandet Kenya på ni av dei ti første plassane.
Olympiastadion i Amsterdam i 2011. 25 spente utøvarar frå Sunnhordland står inne på arenaen der OL-gull blei delte ut det året dåverande kronprins Olav var med å sikra vårt einaste metall av edlaste merke ved å ta gull i segling saman med rormann Johan Anker.

Det er høgtid og spent forventning på stadion før start. Kring 10.000 løparar ventar på at borgarmeistaren i Amsterdam, med kjedet rundt halsen, skal seia sitt før startskotet smell for den 36. utgåva av Amsterdam maraton. I år med deltakarar frå 83 nasjonar, ny rekord. Det heile blir direkte tv-overført.
Der eg står i bakerste rekkje på den enorme arenaen, er det ingen grunn til hast. Det varer og rekk til eg kjem fram til startstreken, i trengsla saman med andre som gru-gler seg til 42.195 meter i Amsterdams gater.

12 minuttar og 40 sekundar etter at dei beste fauk ut frå start, er det endeleg min tur. Bruset frå publikum på tribunen på Olympiastadion varslar om at dette kan bli ein fin dag. I alle fall er dei første to-tre hundre metrane oppløftande. Ute av maratonporten ventar eit folkehav, jo, dette ser bra ut. Undervegs er det musikk og heiarop, orkester på båt ute i kanalen som spelar så fengjande rytmar at hadde det ikkje vore for at føtene stort sett nekta å flytta seg nokon som helst stad på det stadiet i løpet, hadde eg hive meg ut i dansen.

Museum og parkar, vindmøller og praktgater. Og verkjande føter, til tider tunge som bly. Godt då med oppmuntrande ord, med blide folk som delte ut vatn og energidrikk, bananar og svampar til å tørka sveitte med. For sveitt blir du. Og trøytt. Så trøytt at det kjem ei tid der du lurer på om du vil sjå Olympiastadion igjen, for eigen maskin.

Det er då Smørbukk dukkar opp, energisk og hjelpande. Hadde aldri trudd at eg skulle få legeråd om å eta Smørbukk karamellar, men det fekk eg. Eit råd eg ikkje hadde særleg trua på før start, men høfleg som eg er tok eg med meg eit par Smørbukk i lomma. Når halve distansen var unnagjort var kreftene i ferd med å ta slutt, og gode råd var dyre skulle eg krela meg i mål. Skjønt dyre, eit par karamellar kostar ikkje all verda. Eg hadde attpå til fått mine. Om det er respekten for legestanden som gjer det, veit eg ikkje. Men jammen kviknar kroppen til etter møtet med Smørbukk, og maratonporten nærmar seg på ny.

Opplevinga av å springa inn på Olympiastadion kan ikkje beskrivast, den må opplevast. To unge irar blei passerte dei siste metrane inn mot mål. Like stolte som meg, og resten som fullførde. Me greidde det! På kvar våre tider, i kvar våre stilarter passerte me mål og kunne henta medaljen. Amsterdam maraton 2011, Amsterdam halvmaraton 2011. Reisefølgjet frå Sunnhordland, i regi av Mediehuset Sunnhordland og i samarbeid med Rogaland Marathon Tour, talde 47. Seks var heiagjeng, 41 stilte med startnummer på heil- eller halvmaraton. Samtlege fulltførte. Yngste var 21, eldste 72. Imponerande! Det er tredje gongen me har arrangert maratontur, første gjekk til Medoc for to år sidan, i fjor var det København. Om det blir ny tur, gjenstår å sjå, men mange har alt sagt dei er lystne på meir.

Me veit mange har følgt treningstipsa frå Nils Hetleflåt undervegs, presenterte i Sunnhordland og på sunnhordland.no, også mange som ikkje deltok i Amsterdam har kome i betre form på det viset. Statistikken viser at mange har lese maratonbloggane våre, på veg mot målet. Mål var målet, det målet nådde alle. Takk for følgjet!

LARS MÆLAND lars@sunnhordland.no






Siste saker frå Sunnhordland.no

Slik endar 2. divisjon (trur me)

Slik endar 2. divisjon (trur me)

Sjekk Sunnhordland sitt tabelltips for Oddsenligaen.

Rikhaldig baroniprogram

Rikhaldig baroniprogram

Leif Ove Andsnes er blant stjernene som kjem til Rosendal i sommar.


Slåsting og fest

Slåsting og fest

Seksmannsslagsmål og festbråk i Leirvik natt til langfredag.

Stem på tidenes friidrettshelt

Stem på tidenes friidrettshelt

Røystinga held fram til andre påskedag. Kven fortener den gjæve tittelen?


MS «Raana» sokk

MS «Raana» sokk

Bergingsoperasjonen slo feil og ferja sokk i ettermiddag utanfor Kristiansund.

Blei vise med avis

Blei vise med avis

Klasse 7B ved Rommetveit skule leste Sunnhordland i ei veke og svara best på quizen etterpå. Slik blir det pengar og pizza av.