Sunnhordland

Kraftig regn. Lett bris, 5,4 m/s.

Leirvik

7 °

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Kaizers Orchestra sin einaste konsert i distriktet i år blir på Tysnes i juli.

Ting bilete

Frir til publikum

Kaizers Orchestra til Tysnesfest.


[ Publisert: 19.01.12 kl. 06:00 ]

– Vårt kjære publikum har blitt oppfordra om å komma med ønske til Tysnesfest 2012. Aldri har me motteke slike mengder med tilbakemeldingar om eit særskilt band. Her var det ingen over og ingen ved sidan av. Me er glad for å kunna gleda alle som har ønska seg Kaizers Orchestra til Tysnesfest 11.-15. juli.
 
Me har brukt ordlyden Norges største liveband i mang ei lansering av band til festivalen, men no er det ei glede å endeleg ønska Norges største liveband velkommen til Gjerstad og Tysnes. Dette kjem til å bli deira einaste konsert i distriktet i løpet av sommaren 2012, heiter det i ei pressemelding frå festivalen med nærare 20.000 besøkjande.
 
Janove Ottesen, Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og resten av Kaizers Orchestra er midt inne i den særs ambisiøse triologien «Violeta, Violeta», og har travle tider for tida. Sist helg vart det ekstra travelt då gitarist Røthing kasta øl over Plumbo-vokalisten etter den mykje omtalte «mokkamann»-saka under Spellemannsprisen.
 
I ettertid har Røthing orsaka øl-skvettinga. Om det blir ølskvetting på Tysnes i juli er ikkje godt å seia, men det blir garantert pumpe-orgel, gassmasker, russisk rulett og oljefat, pluss hitar som «Ompa til du dør», «Ta kontroll på kontinentet», «Maestro», «Tusen dråper regn» med fleire.



Del på Twitter Del på Facebook Del på e-post Skriv ut

Siste saker frå Sunnhordland.no

Agdestein får flagg på brystet

Agdestein får flagg på brystet

22. februar 2012 20:56

Kvinne skadd i arbeidsulukke

22. februar 2012 14:59

Difor small det

Difor small det

22. februar 2012 12:44

Satsar på nytt scenefag

Satsar på nytt scenefag

22. februar 2012 06:15

Del dine blinkskot med oss

Del dine blinkskot med oss

22. februar 2012 10:36

Mørklagde bygder i morgontimane

22. februar 2012 08:08

Tek underskot med stor ro

22. februar 2012 06:15

Rekordkupp for Kiwi-Bob i Sagvåg

Rekordkupp for Kiwi-Bob i Sagvåg

21. februar 2012 19:05

Vil ha nytt museum midt på kaien

Vil ha nytt museum midt på kaien

21. februar 2012 13:35

Her er Tofte sine fantasyfavorittar

Her er Tofte sine fantasyfavorittar

21. februar 2012 06:00

Biletserie

Marit Larsen på Stord

A-Å