[ Publisert: 26.01.12 kl. 06:15 ]
KUNNSKAPSMINISTER Kristin Halvorsen vurderer å tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget. SV-statsråden meiner det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ynskjer ein tydelegare og mindre omfattande læreplan, skriv Dagsavisen. – Eg har fått ei klokkeklar tilbake-melding frå både lærarar og elevar om at norskfaget er blitt altfor omfattande og arbeidskrevjande. Me kan ikkje halda fram slik det er i dag, seier kunnskapsministeren.
om å fjerna sidemålskarakteren møter sterk motstand frå nynorskhald. Forslaget er ei dramatisk svekking av sidemålsopplæringa, meiner leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag. Han meiner ei nedtona sidemålsopplæring svekker både norskfaget og nynorsken som offisielt språk. – Viss ordninga med eigen karakter i sidemål blir tatt bort – anten det gjeld standpunktkarakteren eller eksamenskarakteren – så får det konse-kvensar for prioriteringane i skulen, og det får konsekvensar for statusen til nynorsken i Noreg, legg Øvregård til.
FORSLAGET
i eit utkast til ein ny læreplan for norskfaget at Utdanningsdirektoratet no foreslår å gje hovudmålet større plass og å gjera eksamens- og karaktersystemet enklare. Karakteren i sidemålet fell bort. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) seier til Dagsavisen at ho vil ha ein tydelegare og mindre omfattande læreplan. Det er urealistisk at elevane skal bli like gode i både bokmål og nynorsk, meiner ho. Ho vil òg diskutere kor tenleg det er at norskfaget har skriftleg eksamen i begge målformer. Forslaget til ny læreplan skal på høyring, og kunnskapsministeren seier at ho først om eitt år vil ta stilling til forslaga. Ho avviser at endringane me bety at nynorsken i skulen blir svekt.
DET ER
til kunnskapsministeren er ikkje nok til å roa korkje oss eller mål-rørsla. Viss forslaget om å fjerne den eigne karakteren i skriftleg sidemål blir gjennomført, så er det ei undergraving av jamstillingsvedtaket. Men me vonar at ministeren kjem på betre tankar enn det ho har gjeve uttrykk for i media denne veka. Å fjerna sidemålet strir mot partiprogramma til alle tre regjeringspartia. Me rår difor kunnskapsministeren til å bruka tida på andre og viktigare utfordringar i det norske skuleverket enn å fjerna sidemålet.
UTSEGNENE