Størksen gjestar Sagvåg
Gruo pub får besøk av trubadur i helga.
Laurdag spelar trubaduren Aina Størksen til dans på Gruo Pub i Sagvåg. Ifølgje arrangør Åge Stokken er det ikkje kvardagskost med kvinnelege trubadurar på puben.
– Det er uhyggjeleg sjeldan me har kvinneleg trubadurar. Eg veit berre om to her i området, seier Stokken.
Størksen høyrer til på Espevær og har mykje erfaring med å spela på ulike arrangement på Haugalandet, både i band og åleine.
– Ho spelar musikk frå Bjørn Eidsvåg, Garth Brooks, Pink, Creedence Clearwater Revival og Lady Gaga. Ho er ein allround musikar, seier Stokken.





