Sakna kvinne kom til rette i kulda
Helsepersonell frykta det verste då kvinna i 70-åra forsvann.
[ Oppdatert: 27.01.12 kl. 21:08 ]
Klokka halv sju fredag kveld fekk politiet melding om at ei kvinne i 70-åra var sakna frå bustaden sin på Mosterhamn.
Ifølgje operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var kvinna tynt kledd, og helsepersonellet som har tilsyn med kvinna var difor svært redde for korleis det skulle gå med henne i kulda.
Etter om lag ein time kunne helsepersonellet senka skuldrene, då politipatruljen kunne melda at kvinna var funnen av grannar eit par hundre meter frå sin eigen bustad. Kvinna var då i fin form, melder Vikse.





