Sunnhordland

Kraftig regn. Lett bris, 5,4 m/s.

Leirvik

7 °

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Første møtet med lokal-TV. Laurdag sender Viasat Sport FA-cupoppgjeret mot Brighton direkte etter at kanalen først sender eit innslag med fokus på den tidlegare stordspelaren som håpar å vera i kamptroppen til denne storkampen. ARKIVFOTO: JARLE KALDRÅSTØYL

Ting bilete

Følg Agdestein på fjernsynet

FA-cupoppgjeret mot Newcastle går direkte på Viasat Sport.


[ Publisert: 27.01.12 kl. 06:15 ]

Kampen mot Newcastle blir eit høgdepunkt i Brighton. Visat Sport har funne plass i sendeflata og reist til England for å intervjua stordabu Torbjørn Agdestein.
– Ein triveleg kar, seier fotballredaktør Mikal Harstad Groven i Viasat Sport.
 
Han landa i går på Gardermoen med ein fyldig reportasje om stordabuen i bagasjen.
– Ja, me hadde faktisk fleire timar saman. Ein artig og fornuftig kar, fastslår Harstad Groven.
 
I forkant av direkteoverføringa av denne fjerderundekampen vil kanalen visa eit kvarters innslag om nettopp Torbjørn Agdestein.
 
– Sjølve innslaget vert vel på åtte minuttar. For dei som ikkje måtte få dette med seg der og då, så har dei sjansen til å få det med seg ved å gå inn på facebook-sida vår. Der vert innslaget lagt inn tidleg i neste veke. Det me elles gjorde var å få Agdestein til å signera ein Brighton-drakt. Denne vil gå som premie på ein konkurranse som me legg opp til på facebook-sida, seier Harstad Groven.
 
Innslaget på Viast Sport vert sendt klokka 18.00 laurdag. Kampen som også vert overført direkte, startar 18.15.
 
Etter opphaldet i Brighton fekk fotballredaktøren eit bestemt inntrykk av at Agdestein ville vera i Brighton sin kamptropp.
– Mest sannsynleg startar han på benken, men etter dei flotte innhoppa han har gjort i dei to føregåande FA-cupkampane, så reknar eg nesten med at han får eit innhopp også i denne kampen, sluttar Mikal Harstad Groven.

Del på Twitter Del på Facebook Del på e-post Skriv ut

Siste saker frå Sunnhordland.no

Agdestein får flagg på brystet

Agdestein får flagg på brystet

22. februar 2012 20:56

Kvinne skadd i arbeidsulukke

22. februar 2012 14:59

Difor small det

Difor small det

22. februar 2012 12:44

Satsar på nytt scenefag

Satsar på nytt scenefag

22. februar 2012 06:15

Del dine blinkskot med oss

Del dine blinkskot med oss

22. februar 2012 10:36

Mørklagde bygder i morgontimane

22. februar 2012 08:08

Tek underskot med stor ro

22. februar 2012 06:15

Rekordkupp for Kiwi-Bob i Sagvåg

Rekordkupp for Kiwi-Bob i Sagvåg

21. februar 2012 19:05

Vil ha nytt museum midt på kaien

Vil ha nytt museum midt på kaien

21. februar 2012 13:35

Her er Tofte sine fantasyfavorittar

Her er Tofte sine fantasyfavorittar

21. februar 2012 06:00

Biletserie

Marit Larsen på Stord

A-Å