Kven vil syngja Stord-songen?
Audition på Vikahaugane 9. februar.
Terje Eriksen er Av og til-koordinator i Stord kommune. Han er også sentral i trenar- og tillitsmannsapparatet i Stord fotball som vart kåra til best i landet når det gjeld å skapa haldningar mot rus. Eriksen avviser at dobbeltrolla hans kan ha skapt habilitetsproblem.
– Nei, kåringa er gjort sentralt i organisasjonen. Personleg veit eg ikkje kven som står bak utveljinga. Til liks med 247 andre klubbar har me sendt inn eit skriv der me gjorde klart korleis me handterer denne problema-tikken. Mellom anna har me nulltoleranse for alkohol på alle våre reiser. Før lag legg ut på større reiser, må både spelarar, lagleiarar og trenarar signera på at det ikkje skal nyttast alkohol. Me oppfordrar også alle foreldre som måtte vera med om ikkje å nyta alkohol i det høvet. På eigne arrangement frontar me alkoholfri sone. Eg registrerer at også våre naboklubbar er vorte flinke på dette feltet, seier Eriksen.
Utfordrar tekstforfattarar og songtalent
Premien er ein flettande ny klubbsong som vert presentert i ein musikkvideo.
– Det er profesjonelle folk utanfor Stord-miljøet som har skrive melodien, opplyser Elise Nyborg Eriksen.
Ho er kampanjekonsulent i organisasjonen Av og til.
– No håpar me at folk som kjenner miljøet generelt og fotballmiljøet på Stord spesielt vil ta pennen fatt og skriva teksten til denne songen. Neste steg vert å kalla inn til audition. Det skjer alt 9. februar. Me er ute etter både koristar og solistar. Folk kan sjølv velja kva dei vil framføra, seier Nyborg Eriksen.
Steen Jensen & Co tek over
– Etter at tekst og songarar er på plass vil Stabæk-profil Ingebrigt Steen Jensen si reklameverksemd stå for sjølve innspelinga. Det vil skje 8. mars. Det er som nemnt profesjonelle folk som styrer denne jobben. Dermed har me eit godt håp om eit skikkeleg bra produkt, sluttar Nyborg Eriksen

