Endeleg bortesiger
Ikkje så ofte Stord-spelarane kan køyra heim over fjellet med to poeng i bagen.
Stord tok ein etterlengta bortesiger då laget slo svake og botnplasserte Fram Larvik i ettermiddag. Men Stord imponerte heller ingen etter ein lang kamppause.
Til slutt enda det med 21-17-siger, etter 10-7 til pause.
Stord sin toppskårar vart Øyvind Nyhammer med seks mål. Fire av desse kom på straffe.
Dette var Stord sin andre bortesiger i årets sesong.
Haugaland vann i dag heime mot Bjørnar, og har difor den andre opprykksplassen, bak suverene Bodø. Stord ligg midt på tabellen, seks poeng bak Haugaland.
Les meir om kampen i månadagsavisa.

