Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Hanne Bergheim blei plukka ut som stipendvinnar av juryen. (Arkivfoto)

Ting bilete

Hanne Bergheim fekk Øyo-stipendet

Mostringen er 20.000 kroner rikare.

Hanne Bergheim kunne stolt ta imot Øyo-stipendet på 20.000 kroner under avviklinga av musikkfestivalen på Stord laurdag kveld.

– Juryen trekkjer fram Bergheim som ein dyktig låtskrivar og god tekstforfattar, ein god liveartist med ein særprega vokal, og at ho syng på nynorsk, skriv festivalleiar Alf H. Aronsen i ei pressemelding.
 
 
Øyo-stipendet blei delt ut av Øyo, Sparebanken Vest og Mediehuset Sunnhordland.
– Stipendet skal gjera det mogleg for unge, uetablerte artistar i Sunnhordland å komma seg ut for å dela musikken sin med eit større publikum. Stipendet skal brukast til turnéverksemd, står det i meldinga.

I juryen var det representantar frå Øyo, Sparebanken Vest, Mediehuset Sunnhordland og Stord-musikar og forfattar Roald Kaldestad.
 
 
I grunngjevinga står det følgjande:
"Det har vore ei todelt oppleving å vera med i juryen for årets Øyo-stipend. For det første har det vore gledeleg å høyra at unge sunnhordlendingar lagar så mykje god musikk. Det skal me vera stolte over. Samstundes har det gjort juryarbeidet vanskeleg - alle kandidatane hadde fortent eit stipend slik at fleire kan få glede av musikken deira.

Me i juryen meiner likevel at ein av kandidatane skil seg ut ved å scora sterkt på alle kriterium. Det er ei glede for oss å kunne overrekkja Øyo-stipendet 2012 til bømlingen Hanne Bergheim."

I år hadde fem artistar søkt stipendet: Nils Horn, Aina Hatlevik, Stine Larsen, Hanne Bergheim og gruppa Evolver.

I fjor fekk Daven Belfry Band stipendet.

I papriutgåva måndag kan du lesa alt om Øyo 2012.

Det var 500 tilhøyrarar på Øyo-festivalen laurdag. Det betyr utselt. (Foto: Magnhild C.H. Steinsland)

Ting bilete

Siste saker frå Sunnhordland.no

Kvinne kritisk skadd

16. mai 2012 11:03
Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Greier du seks rette?

Greier du seks rette?

16. mai 2012 10:04
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Biletserie

Hair

A-Å