Den gongen
Klar til kamp
Slik såg verftet sitt fotballag ut på femtitalet.
A/S Stord verft sitt fotballag i 1953/54.
Bak frå venstre: Harald Tveit, Edmund Hystad, Jan Strand, Håkon Belsvik, Lars Sele og han til høgre trur me heiter Gunnar Kinn. Framme frå venstre: Bård Vikanes, Lars Vaka, Per Willhelm Kyvik, Åge Nygård og Nils Hollekim.
Biletet tilhøyrer Historiegruppa v/ Kværner Stord.
Frå Gisle Tjong har me fått denne rettinga.
Det gjeld dette biletet av fotballaget på fredag. Det må de retta til at cup-turneringa gjekk onsdag 14.8.1957. Altså ikkje frå 53/54. Det var litt for unøyaktig.
Og han de trur er Gunnar Kinn, er Vigleik Johnsen.
Gunnar Kinn var målmann på det same laget, kontoret sitt lag, i ein kamp mot motorverkstaden, og det var året før, torsdag 6.9.1956. Resultat vart 4-3 til kontoret, etter 1-2 ved halvtid.
Berre fire mann var med på kontoret sitt lag i begge kampane. Det var Edmund Hystad, Lars Sæle, Håkon Belsvik og Jan Strand.
I 1956 var desse med, i tillegg til desse fire: Trygve Grøsvik, Gunnar Kinn, Arne Aas Haugland, Jens Petter Westerlund, Øivinn Berger, Per Lund og Otto Sæverud.
I 1957 var desse nye på laget: Bård Vikanes, Lars Vaka, Per Wilhelm Kyvik, Aage Nygaard, Nils Ernst Hollekim, Harald Tveit og Vigleik Johnsen.
Veit du meir om biletet?
Skriv til oss om du har meir informasjon om dette biletet.


