Gjorde det godt i ny hall
Stord stilte med åtte utøvarar då den nye friidrettshallen i Haugesund vart opna.
Thomas M. Heggøy gjekk til topps på 1000 meter i opningsstemnet i den nye hallen i Haugesund. Heggøy sette med 2.37.67 banerekord i den nye arenaen i sildebyen, og gav uttrykk for at han var nøgd med det i etterkant av stemnet.
Ny perso
nleg rekord
Andre deltakarar frå Stord denne helga var Erik Bloch og Tuva Skulstad på 60 meter, Lars Lunde, Erlend Mæland og Sondre Mæland på 1000 meter, Asbjørn Lunde dy. i lengde, og Mari Aarskog Nesse på 600 meter. Lunde vann 1000 m i klasse gutar 15 med tida 2.47.13. I tillegg til Thomas M. Heggøy var 15 år gamle Mari Aarskog Nesse frå Kårevik den som presterte best denne helga. Ho sette med 1.44.65 personleg rekord på 600 meter.
Høgt nivå
Haugesund-ordførar Petter Steen jr klypte snora under opningsseremonien. Sjølve opningsstemnet var eit oppvisingsstemne der kvar utøvar berre fekk delta i éi øving.
– Det var høgt nivå, særleg på løpsøvingane, fortel Reidar Nesse.
– Alle utøvarar gjorde gode prestasjonar og fekk gode plasseringar i sine klassar, slår han fast.
Leiar i Stord si friidrettsgruppe, Runar Øvrebø, overrekte ei gåve som gratulasjonar til Haugesund idrettslag.

