Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Vegard Agdestein har stått høgt på Stord si ynskjeliste. No er underskrifta i boks og Agdestein er attende i moderklubben. ARKIVFOTO

Ting bilete

Agdestein valde Stord

Det stod mellom Åsane og Stord. Vegard Agdestein valde retur til moderklubben.

– Opplegget tiltalar meg. Eg trur det kan bli ein veldig artig sesong med Stord, seier 23-åringen.

Etter nokre småturbulente sesongar med Stord valde han overgang til Åsane i fjor haust. Bergensarane var interessert i å ha han med vidare, men Agdestein fall for opplegget han fekk skissert opp i Stord.
– Eg har god tru både på opplegget og dei som står bak. Personleg meiner eg at eg har min styrke i den offensive delen. Når det då ligg an til at eg også kan få utnytta den styrken, så vart det utslagsgjevande for mitt val, seier Agdestein.

Han vil vera oppteken med studiar i Bergen fram til mai. Vidare utdanningsplanar har han ikkje førebels.
– Nei, konkrete planar for hausten har eg ikkje. No ser eg fram til å vera med Stord både til treningsleir og elles i treningar og kampar, sluttar Agdestein.
– Me er godt nøgde med at han til slutt valde retur til Stord, fastslår stordtrenar Tore Atle Sørheim.

– Både Vegard og Kevin Janz bur i Bergen i vekene. Me har no fått ein avtale med ein klubb i Bergen som dei kan trena med to gonger for veka. Planen er at dei så skal koma til Stord og trena eit par gonger i veka i tillegg til kampar. Me reknar med at det skal fungera greitt, sluttar Sørheim.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Kvinne alvorlig skadd

16. mai 2012 11:03
Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Greier du seks rette?

Greier du seks rette?

16. mai 2012 10:04
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Biletserie

Hair

A-Å