Gir operaen ein ny sjanse
Overføringa av «La Bohème» frå Operahuset i Oslo vart ein fiasko. Men Stord kulturhus gjev likevel ikkje opp operaen.
– Sjølv om direktesendinga frå Den Norske Opera diverre måtte avlysast, er det ikkje lenge til publikum kan få oppleva opera hos oss. Denne gongen er det frå eigen scene, og i regi av Rikskonsertane, fortel einingsleiar for kulturtenester, Herdis Elin Belsvik.
Konserten går av stabelen 23. februar.
Ut på vegen
Framsyninga som Rikskonsertane i desse dagar skal ut på vegen med, har fått namnet Absolutt Opera.
Og lista vert lagt høgt. Det vert lova ein operaaftan av storslått karakter, med slagerar frå operahistoria, heftig orkestrering og korsong.
Ferda går gjennom historia og det europeiske kontinentet, der me treff den fyrige Carmen, den sterktfølande Mimi frå «La Bohème», Figaro og Susanna i duett, den frittalande Rigoletto og Don Carlos, når han vert henta inn av lagnaden. Utdraga vert sett i scene med kostyme og lys, og heile framsyninga vert bunde saman til ein gallakonsert i storformat, regissert av Hilde Andersen.
Stjerneskot
Blant dei fire solistane som tolkar dei ulike rollene er både velkjende namn og nyare stjerneskot på operahimmelen: Sopran Rita Heigre, mezzo-sopran Marianne E. Andersen, tenor Kjetil Støa og baryton Yngve A. Søberg.
To profesjonelle militærorkester står for musikken: Forsvarets musikkorps Vestlandet, under leiing av Peter Szilvay, og Forsvarets Stabsmusikkorps, dirigert av Ole Kristian Ruud.
* Musikklinjekoret ved Stord vidaregåande skule skal også vera med på konserten på Stord.

