Denne saka er henta frå Sunnhordland.noSTUDENTSAMSKIPNADEN på Stord har fått 8.150.000 kroner i gåve. Pengane er overskotet etter salet av Ådland studentheim. I utgangspunktet skulle dei tilbake til departementet, men Audvald Kvamme og resten av den oppløyste stiftinga fekk viljen si. Dermed kjem pengane studentane på Stord til gode. Ifølgje Heidi Aarøe Moe, som er direktør for Samskipnaden Stord/Haugesund, skal dei straks ta kontakt med arkitekt og sjå på korleis bustadene på Rommetveit kan gjerast moderne og lekre. Oppussinga har vore ein draum i lang tid, men ikkje mogleg å realisera økonomisk.
studentane som får plass å bu ved studentheimen på Rommetveit er heldige som får bu så nær høgskulen. I tillegg er det rimeleg og ein er i høgste grad med i studentmiljøet når ein bur i studentkollektivet, i staden for i private husvære. Den eldste delen ut mot vegen blei pussa opp for nokre år sidan, men elles er studentbustadene til dels eit sørgjeleg syn. Mange må dela kjøken, og standarden høyrer heime på 1960 eller 1970-talet, ikkje i 2012. Studentsamskipnaden har ein økonomi som går i balanse, men ikkje meir. Difor ville nok ikkje husværa blitt pussa opp om det ikkje hadde vore for den rause gåva.
DEI 150
og miljøet på Rommetveit er svært viktig for Stord og Sunnhordland. Studentane er i høgste grad ein del av dette miljøet. Og me veit at det er hard kamp om studentane. Stord var lenge kjent for godt studentmiljø, men etter at Trekantsambandet kom, har flesteparten av studentane frå Nord-Rogaland pendla, noko som har gått ut over det sosiale livet blant studentane. Studentkroene er historie, og det vert meir vanleg at studentar i størst mogeleg grad søkjer seg til eit universitet eller høgskule nærast mogeleg der dei bur.
HØGSKULEN
difor stor pris på at det kjem tilreisande studentar til Stord, og dei treng ein stad å bu. Difor er det viktig at studenthyblane på Rommetveit får ein høgare standard, noko som i neste omgang kan vera med å sikra rekrutteringa til HSH, og at høgskulen held stand som den viktige institusjonen han er. Kanskje når også studentkroene gamle høgder? At studentane i tillegg har pussa støv av studenthuset Granheim ber bod om betre liv i studentleiren framover.
ME SET