Mann mistenkt for brann i Fitjar
Politiet fekk melding om brannen i 17-tida.
FITJAR: Ei eldre løe stod i full fyr då brannmannskap frå Fitjar kom til Årbø i ettermiddag. Ifølgje brannsjef Tore Nesbø står løa kloss til fylkesvegen.
– Løa var overtent då me kom fram, og me har stengt vegen for trafikk, forklarar han.
Den eldre løa skal ifølgje Nesbø ha stått i ro i mange år og det skal ikkje ha vore dyr inne.
Brannvesenet lar løa brenna kontrollert ned og satsar på å opna for trafikk att snart.
Løa står eit par meter frå vegen.
Onsdag kveld melder politiet at ein mann er pågripen, mistenkt for å ha forårsaka brannen. Politiet fekk melding om brannen klokka 17.10.
Vidar Hope
Anita Haugland


