Denne saka er henta frå Sunnhordland.no«VIDARE planlegging av framtidig ny lokalisering av ferjeleie på Stord må vurderast i lys av dei rammer som er presentert. Det er viktig at kommunane spelar inn sine synspunkt og prioriteringar i samband med høyring av Regional Transportplan. På bakgrunn av dei utfordringar vi har på fylkesvegnettet og dei økonomiske rammene som er stilt til utsikt i åra framover er tidspunkt for realisering av nytt ferjeleie usikkert.»
er Hordaland Fylkeskommune si oppsummering, presentert for lokale politikarar på Husnes. Klarare kan det ikkje seiast at frå fylkeskommunen sin ståstad kan ein gløyma realisering av nytt ferjeleie på Stord. Det seier også noko om regjeringa si vilje til å gjennomføra viktige regionale infrastrukturtiltak. Oljepengar som kan nyttast skal stå på konto. Vegar skal smuldra vekk, i staden for å verta rusta opp, og sikra at oss gode transportliner og levande industri.
DETTE
vil me klandra Stord-politikarane for ikkje å ha gjort jobben. Kvinnherad har gjort sitt, ordførar Synnøve Solbakken har rett i at dei to kommunane er avhengige av kvarandre. Det var også politikarane på Stord samde i, då dei gjekk med på å flytta Kvinnheradsambandet til Skjersholmane mellombels. Ferjeleiet der var moderne, men ikkje i bruk etter at Trekantsambandet opna. Og ferjene (trafikken) måtte for all del vekk frå Vikjo. I dag fyller bussane opp dei tomme oppstillingsplassane på ferjekaien, og kjem truleg til å gjera det i lang tid medan ein produserer nye planar. I dag korresponderer snøggbåt og buss godt, men det går ikkje buss for gåande reisande til Kvinnherad til ferja på Skjersholmane.
LOKALT
vart i si tid planlagt og bygd for framtidig ferjetrafikk til Djupavikjo. Det var vedteke at nytt ferjeleie skulle liggja der. Nye politikarar kom til, og bad om nye utgreiingar. Dei gav løyve til bygging som no krev nye løysingar for vegføringar frå ferjeleiet. Kvifor tunnelen skal vera så lang som vist i ein ny plan skjønnar me ikkje. Men det høver godt med utgreiinga. Kva med trafikk-knutepunktet for Sunnhordland, regionshovudstaden?
HAMNEGATA