Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Får ny sjanse frå retten

Stordabuen sa i retten at han valde å ikkje innretta seg etter lova. Likevel slapp han fengsel for ulovleg køyring.

Ein stordabu i 20-åra møtte i januar i Sunnhordland tingrett.
Han var sikta for å ha køyrt motorsykkel utan gyldig førarkort, og utan at motorsykkelen hadde lovleg forsikring. Stordabuen vart stoppa i ein kontroll i Sagvåg i fjor sommar.

Mannen har erkjent køyring, men gav i retten uttrykk for at han ikkje ynskjer å retta seg etter lova. Han er tidlegare straffa for liknande lovbrot.
Retten og dommarfullmektig Ronny Sødahl Furunes var i tvil om stordabuen denne gongen skulle sleppa fengselsstraff. Både fordi han har gjort slike ting tidlegare, og at han ikkje syner respekt for lovar og reglar. Dei enda til slutt på 18 dagars fengsel, på vilkår.

«Under tvil har retten komme til at denne straffa skal gjerast til fengsel på vilkår i to år, og retten gjev dermed sikta ein siste sjanse til å visa ei annan og meir lovlydig åtferd for slik å unngå å måtte sona fengselsstraff», heiter det i dommen.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Kvinne alvorlig skadd

16. mai 2012 11:03
Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Greier du seks rette?

Greier du seks rette?

16. mai 2012 10:04
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Biletserie

Hair

A-Å