Vann bronsen i bowling-NM
Ruben Hansen Sælen (15) tok med seg heim medalje i årets junior-NM i bowling. No blir det turnering på heimebane.
– Det var ei lang reise, men eg fekk godt betalt, seier Sælen om helga i Holmen i Asker i slutten av januar.
Etter å ha komme gjennom innleiande og semifinalen, kom Sælen vidare til finalen saman med fem andre konkurrentar.
– Eg greidde nesten andreplassen, men den glapp frå meg på dei siste rundane, seier Sælen som konkurrerte på siste året i klassen yngre gutar.
Aktiv i klubben
Saman med far Torleif Sælen trenar han fast i bowlinghallen på Heiane. Av vel 50 medlemmer i klubben, det 30 som er lisensierte av bowlingforbundet.
– Me er ein god gjeng, dette er ein sport for alle, seier Torleif Sælen.
Saman reiser dei mykje til Bergen og Austlandet for å konkurrera i cupar.
Turnering på Stord
Frå og med torsdag er det klart for turnering på heimebane. I årets Sunnhordland Sweep er det mogleg å konkurrera i klassene kvinner, herrar, junior, eldre/yngre gutar og jenter, U13 og U11.
– Det kjem bowlarar frå Haugesund, Bergen og Stavanger, seier pappa Sælen som òg er svært aktiv i Stord Bowlingklubb.
Saman med styreformann i klubben, Fred Larsson, håpar dei å få fleire unge i distriktet til sporten.
– Me prøver å rekruttera meir ungdom og juniorar til klubben. Det er eit godt alter-nativ for ungdommen.
Krev konsentrasjon
Til neste år skal Sælen opp i klassen eldre gutar. Då håpar han å gjera det endå betre.
– Ein må konsentrera seg for å få det til, seier bowlaren som fekk eit snitt på rundt 193 i konkurransen.
15-åringen har drive med bowling dei siste seks åra, og konkurrert sidan han var 12 år gammal. Og etter planane vil han halda fram i mange år til.
– Denne sporten passar godt meg.
I tillegg til bowling har Sælen spelt fotball, men måtte gje seg etter skadar.
Bergen neste
Etter NM ventar nye utfordringar for spelaren i Stord Bowlingklubb. I mai er det konkurranse med spelarar frå bergensområdet i championatturneringa på Sandsli.
– Då får ein sjå kven som er best i Bergen, seier Sælen som håpar å kunne dyrka bowlinginteressa i utlandet etter kvart.
– Eg har lyst å søkja meg på inn på skule i USA om eit år eller to. Der har dei eigne linjer for bowling.

