Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Mareika Grey saman med Sagvåg musikklag i 2010. ARKIVFOTO: VIDAR HOPE

Ting bilete

Klar for brass-NM

Lokale musikkorps frå Sunnhordland skal konkurrera i Grieghallen til helga.

Musikantar frå Sagvåg, Tysnes og Rosendal skal delta i NM i brass i helga.
– Dette blir arrangert kvart år i Grieghallen i Bergen den andre helga i februar, seier leiar Heine Kaldefoss i Sagvåg musikklag.

Kjempar om plassering
Kaldefoss fortel at ambisjonen er å gjera det litt betre enn tidlegare år. I fjor kom Sagvåg musikklag på 8. plass i andre divisjon.
– Me håpar å komma litt høgare enn tidlegare. Korpset har dei siste åra plassert seg mellom 6. og 10. plass i andre divisjon, seier Kaldefoss.
Det er om lag 13-14 korps i kvar divisjon, og dei to beste korpsa i pulja rykkjer opp til ein høgare divisjon. Dei to dårlegaste rykkjer ned.

Hjelper kvarandre
– Det skal vera 28 musikantar i eit brasskorps for å fylla alle stemmene. Av den grunn skal eg også spela med korpset i Tysnes, seier Kaldefoss.
Han fortel at korpsa frå Sunnhordland har tradisjon for å hjelpa kvarandre, dersom det er mangel på stemmer.
– Sagvåg musikklag skal spela fredag og laurdag, så korpset reiser til Bergen fredag morgon, seier leiaren.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Kvinne alvorlig skadd

16. mai 2012 11:03
Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Greier du seks rette?

Greier du seks rette?

16. mai 2012 10:04
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Biletserie

Hair

A-Å