Sunnhordland

Språket vårt
  • ved Kari Lønning Aarø

Lenkjer



Tidlegare artiklar

Flettande, rø og hugleik

Finn Olav Hauan har lagt merke til at ordet flettande dukkar opp oftare enn før. Sist veke observerte han det i «Sunnhordland», der det var snakk om «ein flettande ny song». Han vedgår at han ein sjeldan gong har brukt dette ordet sjølv, og no vil han gjerne vita kvar det kjem frå.

Truleg er partisippforma flettande laga av verbet fletta, «slyngja, tvinna». Det kan såleis vera det sterke og kraftige ved eit flettverk som har inspirert til ei slik ordlaging.
tyder «overvettes, framifrå, svært, uvanleg, fullstendig, aldeles» og høyrer til ei ordgruppe me kallar forsterkande adverb. Slike ord er det mange av, og oppgåva deira er å framheva det som er ekstraordinært, utanom det vanlege: Han hoppa uti, flettande nakjen! Her kunne me like gjerne sagt splitrande naken eller splitter naken, orda tyder det same.

Flettande

Adverb i denne kategorien vert i mange høve laga av ei verbalstamme + suffikset -ande (= presens partisipp) , og ofte byggjer orda på lydhermande verb. Det forsterkande og uthevande ved desse partisippa gjer at mange av dei er synonym og kan erstatta kvarandre.

Ord av dette slaget bruker me nær sagt til dagen. Me kan snakka om «knakande kjekke karar», «splitrande/splitter nye klede» og «flunkande nye syklar». Uttrykk som t.d. «ein flettande fine bil» og «ei flettande kjekke jenta» har ikkje vore vanlege i Sunnhordland, men no ser det ut til at seiemåten har vunne innpass også her. I Hardanger derimot, er dette adverbet gamalt og velkjent. Når hardingen hevdar at det går «i aitt flettande tak», skjønar me straks at det går «i eitt sett, utan stans». Her i distriktet seier me ofte «i eitt bankande» om det same.

Me kan slutta denne bolken med vendingane «riv, ruskande galen, raspande galen, ravande galen og steikjande galen». Som me ser, er det nok ord å velja mellom for den som ynskjer klar tale.

John Oddvar Løkling hugsar godt at dei vaksne kalla skinnet på kokte poteter for «rø», og han har mang ein gong lurt på kva dette ordet kjem av. «Vel var pimpernell-potetene raude», skriv han, «men eg trur neppe det hadde med det å gjera».

Ordet er framleis i bruk her i distriktet. Det kjem av det norrøne inkjekjønnsordet rod (stungen d), som opphavleg tydde «fiskeskinn».Det ser ut til at overgangen frå rod til rø òg har vore vanleg andre stader i landet. D-lyden er oftast stum i slutten av eit ord, og når den forsvinn, vert den korte o-en i ordet lang. Det er ikkje uvanleg at utlydsvokalar skiftar kvalitet når vernekonsonanten (d) fell vekk, og då kan ein stutt o gå over til lang å, eller som her, til ø.

På våre kantar har helst vore nytta om skalet på kokte poteter, men ordet var òg ei nemning for pølseskinn og fiskeskinn. Somme stader har det til og med vore brukt om snerk på grauten.

I samband med all uroa kring nynorsken si framtid i Noreg, arrangerte VG for nokre veker sidan ei spørjetevling i nynorsk ordtilfang. Hilde Kråkenes Engelsen og nokre andre stordajenter klarte denne prøven med glans, men det var eitt ord dei stoppa litt ved, og det var hugleik.

Ho fortalde at då dei var born, lærte dei tidleg at nemninga «hugleik på staur» var det same som «kjærlighet på pinne», eller «slikkepinne», som dei også sa. Me kjenner òg til denne bruken av ordet og trur helst at dette humoristiske uttrykket har vorte til som ein kreativ språkleik. Det finst mange døme på at folk til alle tider har likt å spela seg med assosiasjonsrike ord.

Svært mange trur at ordet hugleik er eit synonym for kjærleik. Det som leikar (=spelar) i hugen, dreiar seg jo så ofte om kjenslene for den er hugteken i. Men ordet hugleik tyder altså «fantasi, tankespel, oppspinn», jamvel om fantasiane byggjer på kjærleiksdraumar. Ordet er sjeldan brukt, og det er synd, for det er eit flott uttrykk for menneskeleg åndskraft og skaparevne.