Babettes gjestebod i kyrkja
Både Sveio og Tysnes får besøk.
Ei av dei mest fortryllande novellene til Karen Blixen handlar om kunsten, livet - og eit sjelsetjande måltid. Valestrand kulturkyrkje inviterer til gjestespel med Thea Stabell frå Nationalteateret, i lag med biblioteket i Sveio og Stord kyrkjeakademi.
Framsyninga, eit godt måltid mat og eit festdekka bord vil vera ramma for årets gjestebod i kulturkyrkja.
– Regissøren, professoren og skodespelaren Thea Stabell fortel Babettes Gjestebud, inspirert av mentoren sin, Peter Brook. I slutten av eit langt teaterliv fyller ho rommet med ei fantastisk historie, skriv arrangørane i ei pressemelding. Framsyningar i Valestrand kulturkyrkje onsdag og torsdag denne veka, fredag er det Tysnes som står for tur.

