Kommune- samanslåing
EIT KLART FLEIRTAL ynskjer færre kommunar i Noreg, men ikkje der dei bur sjølv. Det kjem fram av ei undersøking som er gjennomført for KS.
UNDERSØKINGA, som er utført av TNS Gallup, kartlegg haldningar til demokrati og styring både i befolkninga generelt og blant folkevalde i kommunar og fylke. Eitt av tema er kommunesamanslåingar. Heile 65 prosent av innbyggjarane svarar at dei ynskjer færre kommunar. Men berre fire av ti ynskjer at kommunen dei sjølv bur i skal bli slått saman med nabokommunen. Dei folkevalde er litt meir velvillige til kommunesamanslåingar: Sju av ti ynskjer færre kommunar, seks av ti kan også godta samanslåingar som gjeld kommunane dei sjølv er folkevalde i. Men korkje lokalpolitikarar eller folk flest vil ha tvangssamanslåingar. Eit klart fleirtal i begge gruppene meiner eventuelle kommunesamanslåingar må bli bestemt lokalt, ikkje av Stortinget, ifølgje undersøkinga.
ME HAR lenge vore for ei samanslåing av Stord og Fitjar til éin kommune, fordi me ser det som unaturleg at det på ei øy som vår er ein stor, og ein liten kommune. Me har òg merka oss at fleire og fleire tenester vert interkommunale, dvs. at dei arbeider på tvers av kommune-grensene for å få eit best mogeleg fagleg nivå. Stord og Fitjar har alt slikt samarbeid m.a. når det gjeld landbruk og miljø, og det er også interkommunalt samarbeid om barnevernet.
SLIK utviklinga er, med betre samband mellom kommunane og med stramme budsjett, trur me det er mykje å henta på å slå seg saman til større og meir slagkraftige einingar. Me er også overtydde om at i ein slik prosess må ein også søkja å få Bømlo med. På sikt bør kanskje Tysnes koma med, når brua over Langenuen er realisert.
KOMMUNESAMANSLÅING er for tida lite oppe på dagsordenen lokalt. Me vonar difor at dette kan verta ein debatt fram mot Stortingsvalet 2013. Nye og større einingar vil ha større gjennomslagskraft når krav skal fremjast sentralt. I denne debatten er det òg viktig å ha eit blikk på avvikling av Fylkeskommunen, og heller skipa regionar der større kommunar har meir sjølvråderett.
- 30.04.12
Arbeidarane sin festdag - 27.04.12
Livsviktig førstehjelp - 26.04.12
Rusfri ungdom - 25.04.12
Spenstige planar - 24.04.12
Ein flott ambassadør - 23.04.12
Ungdomsskular på sidelinja - 20.04.12
Endå betre tider i vente - 19.04.12
Uvanleg rask sakshandsaming - 18.04.12
Til kamp for terminalen - 17.04.12
Ballen er rund - Sjå fleire tidlegare leiarar



