Personlege rekordar i fleng
Det blei ei god helg for Thomas Heggøy og resten av friidrettsutøvarane frå Sunnhordland som deltok på Pingvinleikane i Bergen.
18 år gamle Heggøy starta laurdagen med å setja personleg rekord på 200-meter med tida 23.48. Det heldt til tredjeplass i 19-årsklassen.
Seinare på dagen gjekk han heilt til topps på 1500-meter. Også her blei det personleg rekord for idrettslineeleven med tida 4.18.99.
Han var ikkje den einaste som pynta på bestenoteringane sine i helga. Lars Lunde vart nummer to på 600-meter i 15-årsklassen med personleg rekord, 1.28.30. På 1500-meter gjekk han i likskap med Heggøy til topps. Lunde fekk vinnartida 4.20.46. Som om ikkje det var nok sette Erlend Mæland ny personleg rekord på 200-meteren som han unnagjorde på 26 sekund og like mange hundredelar.
Bremnes og Fitjar òg representert
Joakim Moss Grutle frå Bremnes sikra seg ei flott pallplassering på både 60-meter og 200 meter i 16-årsklassen med tidene 7.49 og 24.55.
Fitjarjenta Tone Brakedal tok gull på 60-meter i 13-årsklassen. Tida 8.46 var 12 hundredelssekund raskare enn andreplassen. Dei andre tilreisande frå Sunnhordland var Asbjørn Lunde d.y. (60 og 200-meter og kule), Erik Bloch (600-meter) og Sondre Mæland (200 og 1500-meter). Alle iført storddrakt.

