Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

BØMLO - FITJAR - KVINNHERAD - STORD - TYSNES

Nynorske lysingar

LYSINGAR på nynorsk er langt betre enn annonser på bokmål. Det tykkjer iallfall Stord Mållag, som denne veka delte ut den første mållagsprisen til verksemder som er flinke til å annonsera sine varer og tenester på nynorsk. Frå før av har Stord kommune sin årlege målpris, der bedrifter som er flinke til å nytta nynorsk skriftmål vert vurderte. Også her er lysingane i lokalpressa sterkt medverkande for kven juryen til slutt plukkar ut.

DET ER
ikkje alltid like lett for lokale verksemder å nytta nynorsk, fordi mange er knytte til kjeder, som oftast er lokaliserte andre stader i landet, og som nyttar bokmål i all korrespondanse. Difor er det moro å konstatera at også kjedetilknytte verksemder vart heidra av mållaget denne veka. Dette vart også vektlagt av leiar i priskomiteen, Dag Eirik Eikeland.

Å TA
vare på, kjempa for - og ikkje minst nytta nynorsk er kan hende viktigare no enn nokosinne når skrift-språket vårt er pressa frå mange kantar. Særleg etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen for nokre veker sidan sette spørjeteikn ved sidemålet. Ho har fått klart svar: Striden om sidemålet har ført til ein medlemsvekst utan like i Noregs Mållag. På drygt fjorten dagar har 1.200 personar meldt seg inn. I fjor var medlemstalet om lag 10.400 medlemer.

VELDIG MANGE
er blitt provoserte av framlegget frå Utdanningsdirektoratet. Dei over tusen nye medlemene ynskjer å stå opp for nynorsken spesielt og språk generelt, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, til Nynorsk Pressekontor. Sunnhordland er ei rein nynorskavis, og har alltid tala nynorsken si sak. Det kjem me framleis til å gjera. Difor er me glade for alt engasjement etter statsråden sitt utspel, og me er glade for at så mange lokale bedrifter nyttar nynorsk som sitt skriftmål. Særleg moro tykkjer me at den nystarta restauranten Himmelsk, som er starta av utlendingar, har valt å bruka nynorsk.

[ Publisert: 16.02.12 ]

Del på e-post Skriv ut

Biletserie

Hair

A-Å