Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Lokalavisene står sterkt

Men dei ferske opplagstala syner ein liten nedgang for avisene i sunnhordlandsdistriktet.

I dag blei opplagstala presentert. Sunnhordland sitt opplag er no på 7.036, som vil seia ein nedgang på 101 eksemplar. Det betyr ei endring på minus 1,4 prosent.
Tal på daglege Sunnhordland-lesarar går frå 23.000 til 22.000, medan daglege lesarar på nett held seg stabilt med 9.000.

Må jobba hardt
Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Mediehuset Sunnhordland konstaterer at avisa endå ein gong kjem ut i minus i opplagsstatistikken.
– Det er me sjølvsagt ikkje nøgde med, men me skal halda fram med å jobba hardt kvar einaste dag for at våre lesarar skal få eit best mogeleg produkt til frukosten, seier han.

Er optimistisk
Kydland legg til at tilbakemeldingane frå lesarane, lesarundersøkingar og lesarpanel er jamt over gode.
– Men det hjelper lite når folk ikkje les aviser like mykje som før, og helst ikkje vil betala for det. Me ynskjer difor endå tettare dialog med lesarane framover. Me jobbar heile tida med å tilpassa produktet, og reindyrka profilen vår som lokalavis, og me er optimistar og trur på papiravisa i mange år framover, fortel han.

22.000 unike brukarar
Dei andre lokalavisene i regionen går også i minus. Bømlo-nytt sitt opplag vert redusert frå 3.152 til 3.102 – ei endring på minus 4,5 prosent. Kvinnheringen er nede i 4.168 og har hatt ein nedgang på to prosent. Avisa Grenda har ein nedgang på 0,5 prosent, medan Tysnes går ned 1,5 prosent. Haugesunds Avis mista 1.485 abonnentar frå fjoråret, som vil seia minus 4,85 prosent. Bergens Tidende går ned 3,6 prosent.
– Nedgangen i lesartal er marginal, og mange andre har det mykje verre enn oss, både når det gjeld opplag og lesartal. Me ser på lesartalet som stabilt, og me gler oss også over ein markant oppgang i trafikken på nett i 2011 i høve til 2010, der me i 2011 enda på gjennomsnittleg 22.000 unike brukarar per veke, mot 18.000 i 2010, seier Kydland.

Lokalavisene står sterkt
Det samla avisopplaget for aviser tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) går ned med 2,3 prosent det siste året. Samla opplagstal er no 364.072. Alt i alt er lokalavisene godt nøgde med avisbransjen sine ferskaste opplagstal.
– Lokalavisene står sterkt og me knyter folk i bygder, tettstader og bydelar saman. Me følgjer kvardagslivet, kulturlivet og ikkje minst lokalpolitikken svært tett. Det såg me tydeleg i samband med siste kommunestyreval, då lokalavisene i lang tid før valet dekka lokaldemokratiet på ein brei og engasjert måte, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Kvinne tatt med narkotika

15. mai 2012 09:37

Biletserie

Hair

A-Å