Sjekkar skulebygg
FYLKESMANN Lars Sponheim har sendt eit brev til alle kommunane og Hordaland fylkeskommune som er skuleeigarar. I brevet peikar han på at i 2010 blei alle kommunane bedne om å opplysa om planar for å setja skulane i stand slik at dei tilfredsstiller krav i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Kartlegginga viste at mange skular ikkje oppfyller krava og at planar for utbetring av dei var langt fram i tid. I tillegg saknar Fylkesmannen meir informasjon om i kva grad framdriftsplanane faktisk blir følgde og kva mellombelse tiltak som er sette i verk for å tryggja skulemiljøet i påvente av naudsynte utbetringar.
KOMMUNANE har difor fått frist til 15. mars til å senda inn ei oversikt over skular som ikkje oppfyller krava til fysisk skulemiljø, og skular som er godkjende på vilkår utan at vilkåra er oppfylt. Her vil ein også ha informasjon om kva utbetringar som er naudsynte og mellombelse tiltak. Kva tid (år) utbetringar skal vera utført, og kva tid det sist blei utført kommunalt tilsyn med skulen og kopi av rapport/dokument frå tilsynet.
DET HAR vore skrive mykje om skulane i Stord dei siste åra, men også i andre kommunar er det skulebygg som byrjar å dra på åra, og som er langt frå optimale i høve til læringsmiljø, korkje for elevar eller lærarar. Skulane i Stord blei godkjende i 2009 med nokre forbetringspunkt. Stord ungdomsskule er ein av skulane som har store utfordringar. Etter at ungdomsskulen endå ein gong har blitt utsett, er det no sett ned ei gruppe som skal sjå på strakstiltak. Mellom anna er ventilasjonsanlegget ikkje godkjent, og det fysiske miljøet er heilt i grenseland. Tidlegare i vinter skreiv Sunnhordland om klasserom som var så kalde at elevar sjølv hadde med varmeomn.
RÅDMANN Magnus Mjør fortalde i gårsdagens avis at dei vil gå gjennom dette på ny og svara innan fristen. Han seier at dei i løpet av våren også skal ha ein eigen vernerunde med helsesøster med fokus på miljøretta tiltak på skulane. Det er bra, og me prisar alle tiltak som kan gjera tilhøva betre enn det er på dei eldste skulane i dag. Me er også glade for at Fylkesmannen, som er kontrollinstans, tek eit tak for å betra tilstanden i det som kan vera direkte helsefarlege skular. Slike skular bør ein klara å unngå i verdas rikaste land.
- 04.05.12
Bli med på bursdagsfeiring - 03.05.12
Vårleg ryddedugnad - 02.05.12
Farvel, femtiøring - 30.04.12
Arbeidarane sin festdag - 27.04.12
Livsviktig førstehjelp - 26.04.12
Rusfri ungdom - 25.04.12
Spenstige planar - 24.04.12
Ein flott ambassadør - 23.04.12
Ungdomsskular på sidelinja - 20.04.12
Endå betre tider i vente - Sjå fleire tidlegare leiarar



