Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Hans Johansen & co sviktar ikkje innandørsturneringa i Fitjar. 69-åringen reknar med at det sigersvante damelaget hans hentar ny pokal laurdag kveld. Bak sit Anne Belt og Anita Rykkje. ARKIVFOTO

Ting bilete

Siktar mot toppen

– Eg blir skikkeleg skuffa om me ikkje vinn heile greia.

Hans Johansen står for kontinuitet både i innandørsturneringa i Fitjar og kvinnefotballen i Sagvåg. Sidan starten i Kultur- og idrettsbygget i Fitjar i 2001, har fotballveteranen stilt med eit godt trent og godt førebudd lag i kvinneklassen. Resultata har absolutt ikkje uteblitt.

– Eg har ikkje det nøyaktige talet, men at me har vunne klassen fem- seks gonger er i alle høve sikkert, slår den alltid topp engasjerte trenaren fast.

– Me har trent bra og mannskapet er stort sett det same. Dette skal me dra i land, smiler fotballveteranen.

Turneringsleiar Ole Bergesen kan i år fryda seg over ein fin oppgang i deltakartalet.

– Rett nok kjem me ikkje opp mot rekorden som vart sett opningsåret. Då kom det lag nær sagt frå kvar ein krok i Fitjar. Då enda me opp med 55 lag som framleis er rekorddeltaking. Dei siste åra har talet stabilisert seg på frå 30 til 34 lag. Difor er det eit positivt signal for oss arran-gørar når me i år får med 37 lag. Bedriftsklassen med sine seksten lag er største klassen. Kvinneklassen til tolv lag, medan ni lag kjempar i eliteklassen på herresida. Me får ei travel helg, seier Bergesen.

Alt i kveld går dei første kampane. Deretter rullar fotballen i hallen fram til 02.00 natt til laurdag. I denne perioden er det for det meste lokale lag i aksjon. Tidleg laurdag morgon er det på an igjen. Ved dagsrevytid laur-dag kveld reknar Bergesen med at finalane er unnagjort og at moroa er over for i år.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Kvinne alvorlig skadd

16. mai 2012 11:03
Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Greier du seks rette?

Greier du seks rette?

16. mai 2012 10:04
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Biletserie

Hair

A-Å