Noreq takkar for seg
Livbåtsjef Styrk Bekkenes er glad for at Festidalen har fått hovudet over vatnet igjen, men vil ikkje lenger vera med som hovudsponsor for festivalen.
– No har me vore med i mange år, og meiner me har fått til å hjelpa Festidalen fram, slik me ønskte, seier Noreq-sjef Styrk Bekkenes.
Store namn
Som hovudsponsor for den populære musikkfestivalen i Uskedalen har den stadig ekspanderande verksemda på Husnes gjennom førre tiår bidrege til å henta store namn som Turboneger, Kaizers Orchestra og Åge Aleksandersen til kommunen.
No meiner imidlertid livbåtprodusenten dei har gjort sitt for Festidalen, og ønskjer heller å setja inn eit tilsvarande støyt på ein anna front.
– Betydelege beløp
– Me har begrensa med sponsormidlar, og har brukt veldig mykje på Festidalen. No føler me det er rett å sjå på andre ting i nærmiljøet som også er positivt for heile kommunen, seier Bekkenes.
– Kor mykje har de spytta inn i Festidalen opp gjennom åra?
– Det eg kan seia er at det er betydelege beløp. Og det er eg veldig glad for. Men i år har me valt å bruka sponsormidlane på eit anna prosjekt, seier Bekkenes.
Ei ny utfordring
Styreleiar for Festidalen, Bjarte Døssland, legg ikkje skjul på at Noreq har vore ein viktig støttespelar for festivalen. Han ser likevel ikkje mørkt på det, når dei no velgjer å prioritera annleis.
– Det vert ei ny utfordring for oss. Men me er optimistiske med tanke på å få avvikla ein god festival. Det som har vore det heilt sentrale har vore å få bygd opp ein base og ein organisasjon av dyktige og engasjerte menneske. Det har me fått til. Samstundes er det klart at det er viktig med økonomiske støttespelarar òg, men me har stor tru på å få dette på plass, seier Døssland.
Aasmund Lilleaas i Festidalen understrekar at dei er godt i gang med arbeidet for å skaffa sponsorar, men at dei til no har prioritert å få på plass eit godt program.
– Me har folk no som jobbar for fullt med dette, seier Lilleaas.

