Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

BØMLO - FITJAR - KVINNHERAD - STORD - TYSNES

Vekst og optimisme

SIST VEKE vart den nye Vestlandsindeksen i regi av Sparebanken Vest presentert - først i Bergen på onsdag, så lokalt på Stord på fredag. Funna i indeksen, som kjem kvart kvartal, er mykje det same som i liknande undersøkingar som Næringsbarometeret og rapportar frå både NAV og NHO Hordaland: Bedriftene på Vestlandet har det bra, og leiarane trur dei vil få det endå betre i tida som kjem. Dette trass i at Europa og verda elles går på låggir.

er annleislandet langt utanfor allfarveg der 0,0007 prosent av alle folka i verda bur. Me har klimaet og mange faktorar imot oss, men i desse dagar er me omtalte som verdas rikaste land. Årsaka er all oljen i Nordsjøen. Medan dei fleste landa i verda har stor gjeld, har me hundrevis av milliardar kroner på bok, og når mange trudde at oljereservane i Nordsjøen nærma seg slutten, så vart det i fjor gjort så mange og store funn at me må heilt tilbake til 1997 for å finna liknande toppår for leiteverksemda. Dermed vil AS Norge halda fram med toppfart, men også nasjonalt viser bedriftsleiarane på Vestlandet at dei er langt meir optimistiske enn i dei fleste andre stader i landet.
NOREG
land i verd har like liten arbeidsløyse som oss, og her i vest trur me på auka vekst, både i form av investeringar, omsetnad og talet på tilsette. Å auka talet på tilsette er unikt for vår region, men det er nettopp mangel på kvalifisert arbeidskraft som er vår største utfordring. Det er faktisk berre eitt av få moment i undersøkinga som gjev grunnlag for bekymring. Elles går det så det susar, men faren er at det meste er oljesmurt.
INGEN ANDRE
 
er det viktig å satsa endå meir på å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Og så lenge me veit at det kan vera vanskeleg å henta dyktige ingeniørar eller fagarbeidarar frå andre deler av verda til kalde Noreg, så må me utdanna arbeidskrafta sjølv. Me deler difor sjeføkonom Hallgeir Isdahl sin kritikk over norsk utdanningssystem, som ikkje klarar å endra seg i takt med næringslivet. Me sakkar akterut, og det trengt eit skikkeleg løft for å få ungdommar til å velja rett veg, og gje dei eit godt tilbod. Det er ikkje alltid me har sansen for råd frå økonomar, heller ikkje sjeføkonomar, men denne gongen har Isdahl heilt rett når han ber Noreg om å investera meir av rikdommen i utdanning.
NETTOPP DIFOR

[ Publisert: 20.02.12 ]

Del på e-post Skriv ut

Biletserie

Hair

A-Å