Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Kristian Aas, til høgre, vart nummer tre på 1000 meter i 14-årsklassen bak vinnande Per Ringnes (Sand) og Christian Reinton (Hol). (Foto: Privat)

Ting bilete

NM-bronse til Aas

Kristian Aas (14) braut ei ny klubbgrense då han gjekk inn til bronse på 1000 meter i Harstad i helga.

– Dette var verkeleg artig, seier ein glad stordtrenar Kjell Storelid.

Medaljen kom likevel ikkje overraskande på den tidlegare landslagsløparen.
– Nei, Kristian har lenge vist at han høyrer til i det sjiktet. Mellom anna kan han sjå attende på fjerdeplassar. Forholda i fjor var jo ikkje optimale her på Stord. Anlegget gjekk i stå og det vart lite trening på is. I år har det retta seg. For Kristian sin del så har han gjort ein enorm treningsjobb som han no har fått litt betalt for, seier Storelid.

Han ser også ein vidare verdi i denne medaljen som kom i helga.
– Den inspirer heile gruppa. Det Kristian gjorde var å visa at det går an. Han sette ein standard og fekk vist særleg yngre løparar som kjem etter at det verkeleg går an. Slik sett er det viktig for skeisegruppa å få bryta den barrieren det er å ta ein første NM-medalje, seier Storelid.

Forholda i landsmeisterskapen i Harstad var langt frå optimale. Både vind og snøvêr sette sitt preg på slutttidene. Kristian Aas kom inn til 1.29.92. Det heldt til bronse bak Per Ringnes (Sand) som vann distansen på 1.27. Christian Reinton (Hol) snappa sølvet med 1.29.56.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Plyndrar russen for kort

Plyndrar russen for kort

16. mai 2012 06:15
Krev betre tilbod til juniorane

Krev betre tilbod til juniorane

16. mai 2012 06:15

Nedgang for Eidesvik

16. mai 2012 06:15
I Laudrup sine fotspor

I Laudrup sine fotspor

15. mai 2012 14:37
Nei, er det ikkje..?

Nei, er det ikkje..?

15. mai 2012 15:55
Bondeaksjonen held fram

Bondeaksjonen held fram

15. mai 2012 13:47

Kvinne tatt med narkotika

15. mai 2012 09:37

18-åring promillekøyrde

15. mai 2012 09:42

Biletserie

Hair

A-Å