Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

BØMLO - FITJAR - KVINNHERAD - STORD - TYSNES

Ein god idé

SUNNHORDLAND MUSEUM lanserer ideen om eit spenstig maritimt museum med aktive utstillingar i grenselandet mellom museum og vitskapspedagogikk som kan fengja den oppveksande generasjonen. I same bygg ser ein for seg turistinformasjon og fasilitetar for båtturistar. Dette er planane som dagleg leiar Jane Jünger, på vegner av styret i Sunnhordland Museum, har lagt fram for kommunen og dei politiske partia. Planane ligg som referatsak i møte i komite for næring, miljø og kultur onsdag.
DET ER ikkje kvar som helst at museumsleiaren vil byggja nytt bygg. Ho vil ha det på kaien, der bussane i dag dominerer gatebiletet. – Eg synest at tomta på kaien skal vera til for folket. Dette kan gjera at Leirvik igjen snur nasen mot sjøen. Det er jo difor Leirvik har blitt eit regionssenter fordi me har ei så fin vik og hamn, seier Jünger.
I DOKUMENTET kjem det fram at museet står framfor ei større utvikling, som krev store investeringar og at ein difor ser at det på sikt er uheldig å vera leigetakar. Sunnhordland Museum har arbeida med fire ulike alternativ til lokalisering: Nytt bygg på dagens bussterminal, samlokalisering med hamnesjefen i eit nybygg ved hurtigbåtterminalen, eit nytt bygg på moloen ved Storddøra og eventuelt kjøp av dagens lokale.

ME HAR ikkje noko imot nokon av dei fire skisserte plasseringane, og det hadde sikkert vorte spenstig med eit museum ved Storddøra. Men me har mest sansen for ein ny turistattraksjon på kaien. Me har opp gjennom åra titt og ofte teke til orde for at me vil ha bilar og bussar vekk frå den mest attraktive tomta på Leirvik. Her vil me ha mjuke verdiar og folk i sentrum. Eit kombinert museumsbygg kan fint kombinerast med tradisjonell torgdrift, park og utescene, og me vonar at kommunen til vel vare på invitasjonen frå Sunnhordland Museum.

[ Publisert: 21.02.12 ]

Del på e-post Skriv ut

Biletserie

Hair

A-Å