Seks hundredelar frå sigeren
Fattige seks hundredelar skilde Espen Brask Nordfonn frå å ta sin første noregscupsiger i helga.
Trenar Henning Nordfonn hadde med seg tre Stord-løparar til det åttande noregscupstemnet som gjekk av stabelen på Gol i helga. Desse henta ein medalje kvar.
– Det hadde vore ekstra stas om me hadde fått med oss ein gullmedalje, men marginane var ikkje på vår side denne gongen, erkjenner Nordfonn.
Han var likevel godt nøgd med Espen Brask Nordfonn si plassering, men prestasjonsmessig gleda han seg minst like mykje over junioren Magne Notland sin 500 m første dag på Gol.
– Forholda var absolutt ikkje dei beste. Når han likevel kjem inn til 39,80 så er det veldig bra. Prestasjonen heldt då også til bronseplass. Bronse vart det også på Terje Almås i seniorklassen. Almås fekk notert 2.01,16, opplyser Nordfonn som ser fram til niande noregscupstemne neste helg.
– Ja, det går av stabelen i Vikingskipet på Hamar. På Gol var deltakinga heller laber. Berre totalt 30 løparar stilte til start. Mildvêr gav også varierande forhold. I Vikingskipet reknar me med stor deltaking og fullt trøkk, sluttar Nordfonn.

