Satsar på nytt scenefag
Eit nytt etterutdanningskurs for lærarar skal gje elevar over heile Vestlandet høve til å gjera som desse elevane
Fakta
* Høgskolen Stord/Haugesund startar eit nytt etterutdanningsstudie for grunnskulelærar, kalla «Produksjon for sal og scene», som har som mål å gje lærarane praktiske verktøy og fagleg kompetanse til å kunne produsera eigne musikkframsyningar med elevar i grunnskulen.
* Målgruppa for studiet er lærarar som er tilsett med undervisning i musikk eller valfaget produksjon i sal og scene i grunnskulen.
* Studentane vil i løpet av studiet få innføring i metodikk for scenisk produksjon, elevkomponering av scenisk musikk, musikkformidling og bruk av tekniske hjelpemiddel.
* Utdanninga vert delvis finansiert av staten, medan kommunane og den einskilde lærar som skal studera må dekka resten av kostnadene ved studiet.
* Kurset har søknadsfrist 15. mars, og har oppstart etter nyttår.
>i> Kjelde: www.hsh.no
Framføre ein halvfull gymsal viste elevar ved Rommetveit skule i går kveld fram stykket «Ny gutt i klassen».
Stykket, som er ein musikal, er skrive av rektor Helge Hammersland, og prosjektet involverer elevar frå 5.-7. trinnet. Med mobbing som tematikk, kombinerer skulearbeidet disiplinar som dans, musikk og scenearbeid, samstundes som det vert sett fokus på ei viktig problemstilling.
Nasjonalt løft
Slikt kan det verta mykje meir av i sunnhordlandsskulen dei neste åra. Eit nytt etterutdanningsstudie ved Høgskolen Stord/Haugesund tek nemleg sikte på seg å utdanna mange grunnskulelærarar til å laga sine eigne sceneprosjekt i framtida.
– Dette er ein del av eit stort, nasjonalt vidareutdanningsløft for lærarar, der me har fått ansvaret for musikkfaget her på Vestlandet, seier høgskulelektor Åsmund Espeland ved HSH sin musikkseksjon.
Fleire oppsetjingar
Det betyr at studiet vil henta studentar frå eit større område enn det som er vanleg for dei ulike studia på Rommetveit. Samstundes vonar Espeland det vert god deltaking også frå dei nærmaste kommunane.
Om det ynskjet vert innfridd kan det verta mange små og store sceneoppsetjingar i distriktet framover.
– Målet er at lærarane som studerer dette skal bruka det dei lærer undervegs, slik at dei set opp framsyningar med sine eigne elevar medan dei studerer, seier Espeland.
Utdanna i London
Som hovudlærar for det nye utdanningstilbodet har høgskulen knytt til seg Omar Zahl Pettersen, som har sertifisering som Write an opera-instruktør frå The Royal Opera House i London.
Dette er same metode som i fleire år har vorte nytta av høgskulen sine studentar på den praktisk-estetiske faglærarutdanninga, som seinast resulterte i operautgåva av Ingelin Røssland si bok «Monstertanta» under Falturiltu i fjor.
Rom for variasjon
– Metoden går ut på å laga alt sjølv, frå manus til kostyme og musikk, seier Espeland.
Kva dei ulike stykka skal handla om er heilt opp til kvar enkelt lærar og skuleklasse, og det er også rom for variasjon i sjølve metodikken.
– Somme skriv heile manuset frå grunnen, medan til dømes «Monstertanta» her på høgskulen bygde på ei bok, seier Espeland.
– Stort behov
Zahl Pettersen har lang røynsle med elevoppsetjingar, og har stor tru på at dette vil verta eit spanande opplegg.
– Eg trur det er eit veldig stort behov for dette der ute. Det er utruleg verdifullt for skulemiljøet å ha kompetanse på skulen til å setja opp framsyningar, seier Zahl Pettersen.

