Mørklagde bygder i morgontimane
Store deler av ytre Kvinnherad er utan straum.
Mange vakna utan lys i lampa i Kvinnherad i dag, då straumen gjekk i området frå Herskedal til Valen, i tillegg til på Halsnøy.
Leif Klette i Kvinnherad Energi fortel at straumbrotet skuldast ein feil på høgspentlinja i området ved Reset.
– Me har fleire montørar som er ute der no, og held på å jobba med dette, seier Klette.
– Kva tid ventar de å ha alt på stell igjen?
– Det er vanskeleg å seia. Men me trur me skal få det til ganske raskt, seier Klette.


