HSH-studentar kjem dårleg ut på ny statistikk.
Høgskulane i Ålesund, Stord/Haugesund og Lillehammer fekk færrast studentar med karakteren A eller B i løpet av fjoråret. I den andre enden av skalaen finn me høgskulane i Akershus og Nesna, og Universitetet for miljø- og biovitskap. Dette viser ny statistikk frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).
Tala viser at delen som fekk toppkarakterane A eller B var lågast ved teknologitunge Høgskolen i Ålesund. Der var delen vel 30 prosent.
Høgskulane i Stord/Haugesund og Lillehammer følgjer deretter med vel 31 prosent.
– Ei vanleg forklaring på låg grad av toppkarakter og høg del med stryk er høg realfagsdel, skriv Teknisk Ukeblad.
Festivalsjef Haakon Vatle reiser til Toronto for å syngja inn SS «Sørlandet» under Tall Ships Race..
Som ein del av naturfagopplæringa var fjerdeklassingane på Hystad skule på tur til Apalvikjo måndag for å leita etter liv i fjøra og spidda pølser i finvêret.
Gulating lagmannsrett har skjerpa straffa for ein mann i 20-åra frå Stord etter ei trafikkulukke på Heiane 9. april 2011.