Sunnhordland

Leif Midttun og dei andre på Sæbø gard er godt nøgde med installasjonen av ny varmepumpe. No kan endeleg Middtun vera på jobben.

Leif Midttun og dei andre på Sæbø gard er godt nøgde med installasjonen av ny varmepumpe. No kan endeleg Middtun vera på jobben.

Endeleg blir det varmt i huset

Etter at verneombodet måtte stengja fleire rom på Sæbø gard grunna kulde, tok nokre av dei pårørande tak i problemet.

I løpet av nokre kalde vinterdagar i fjor vinter og i år blei temperaturen i Sommarvillaen på Sæbø gard for kald til at brukarane kunne opphalda seg der.

Måtte halda seg heime
Gradestokken viste rundt 11-12 grader, noko som er langt unna krava om ein temperatur på mellom 19 til 26 grader, som er det Arbeidstilsynet set som krav til temperatur innandørs. Resultatet var at fleire av dei måtte halde seg heime medan kulda var som verst.
– Når det er minusgrader, så har det vore eit problem, seier Signe Kvammen som er leiar ved garden.
Totalt 18 brukarar er knytte til tilbodet på Sæbø gard, og to har ei ordning der dei nyttar tilbodet i samarbeid med heimen. Romma det er snakk om er tilknytt fem av brukarane.
– Det er nokon som har teke initiativ til at varmepumpa no er på plass i villaen, men vedkommande ynskjer ikkje noko merksemd sjølv, seier Kvammen.

Vil på jobb
Fredag var elektrikarar oppe og sørgde for å få straum til den nyleg installerte pumpa. Til dagleg held fem brukarar til i huset som høyrer til garden. Pumpa er installert i stova som er opphaldsplassen til brukarar og tilsette knytt til Sommarvillaen. Med ny varme i rommet var Leif Midttun svært nøgd med å vera innandørs.
– Det er kjedeleg å ikkje kunne vera på jobben, seier Midttun som kjem frå Sagvåg.

Blei for kaldt
Verneombod på staden Kari Akselsen fortel om kuldeproblem sidan i mars i fjor. Leiinga ved Sæbø gard tok då kontakt med kommunen om høve for å få installert varmepumpe. Huset, som blir kalla Sommarvillaen, er eit eldre hus med lite isolasjon. På kalde og vindfulle dagar vert det difor vanskeleg å halda huset varmt med berre elektrisk varme.
– Det var stengt tre-fire gonger i fjor vinter, og eit par dagar i år, seier Akselsen.

Dårleg økonomi
Ifølgje verneombodet har dei tilsette på Sæbø gard bede om ei varmepumpe frå kommunen for å få bukt med problemet, men grunna økonomien kom ikkje dette gjennom.
Etter å ha venta på ei oppvarmingsløysing var det då pårørande som tok initiativ til å få installert ei varmepumpe i huset. Varmepumper har ein marknadsverdi på mellom 10.000 til 25.000 kroner.
Einingsleiar for habilitering Annlaug Tenold set pris på at varmepumpa no er på plass.
– Eg tenkjer at det er positivt at me får ei gåve frå nokon som vil bidra. Det synest eg er positivt.
Tenold seier at kommunen sjølv har ansvaret for å halda ved like bygningane, og meiner at pumpa ville komme på plass, om enn ikkje med det første.
– Pumpa ville komme etter kvart, men det er jo inga løyndom at det er dårleg med økonomien i Stord kommune.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Stordjuniorane mot finaleplass

Stordjuniorane mot finaleplass

Etter siger nummer fire fossar Stord-spelarane fram i britiske Bolton International Super Cup.

Slo Spania i EM

Slo Spania i EM

Inge Aas Eriksen skåra tre mål då juniorlandslagsgutane spelte mot Spania i EM.


Fast plass på skuta

Fast plass på skuta

Helene Willgohs har vore med så mange gonger på tur med «Statsraad Lehmkuhl», at ho har fast plass til hengjekøya si.

Vann etter straffekonk

Vann etter straffekonk

Stord J13 vann mot Vestsiden i B-sluttspelet i Dana Cup.


Trott tapte finalen

Trott tapte finalen

Trott sitt J17-lag kom til kort i A-sluttspelet mot Klepp i Dana Cup, men reiser heim med sølv i bagasjen.

Stengte Bømlafjordtunnelen

Stengte Bømlafjordtunnelen

Melding om brann i motorsykkel, men politiet og brannvesenet fann ingenting.