Sunnhordland

– Ikkje slepp dei inn i huset! seier lensmann Jan Fosse. Ei kvinne som følgde rådet fekk ein stinkande overrasking. Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

– Ikkje slepp dei inn i huset! seier lensmann Jan Fosse. Ei kvinne som følgde rådet fekk ein stinkande overrasking. Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

Polsk seljar dreit på trappa

– Griseri delux! seier lensmann i Kvinnherad Jan Fosse om oppførselen til ein av dei polske seljarane som oppsøkte folk i heimen i Kvinnherad i går.

Lensmann Jan Fosse er rysta over oppførselen.

– Det er særdeles ufint. Dersom ein ikkje kan oppføra seg, så får ein reise heim der ein kjem frå! seier lensmannen.

Ville på do
Sunnhordland.no skrev tidlegare i dag om at folk i Kvinnherad var plaga av særs innpåslitne seljarar, som presenterte seg som polakkar som gjekk frå dør til dør torsdag. Her ville dei anten selja noko, be om arbeid, eller låna toalettet.
– Me har oppfordra folk til å ikkje sleppa desse inn. Me veit at ein del av dei driver med tjuveri. Denne personen spurde mellom anna om å låna toalettet, og kvinna gjorde det som var rett. Ho slapp han ikkje inn. I dag oppdaga kvinna at han hadde gjort å frå seg på trappa, seier Fosse.

Tidlegare lovbrot
Politipatruljen stoppa ein del av polakkane som var i Kvinnherad torsdag, sjekka identitet og bilnummer.

– Då med sjekka identiteten deira kom det fram at enkelte av dei tidlegare var tekne for grove tjuveri, seier lensmannen.

Han seier at desse "seljarane" opererer i saman.

– Dei kjem gjerne i varebilar, og så går frå hus til hus. Dei oppsøkjer gjerne hus som ligg litt avsides til og gjerne eldre folk, seier Jan Fosse.

Øydelegg for andre
Lensmannen synest det er trist at slike "gjengar" skal få øydeleggja for andre.

– Me har jo andre som har rett til å vera her, og som og søkjer seg arbeid heilt lovleg. Det er frykteleg synd om slikt skal gå ut over dei, seier Fosse.

Forutan denne kvinna var det fleire andre som tok kontakt med politiet fordi dei følte kontakten med polakkane som ubehageleg.

– Førebels har me ikkje fått melding om tjuveri, seier Fosse.

Han oppfordrer folk som får besøk av seljarane til å notera seg bilnummer.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Kartlegg knutepunkt etter terrortrusselen

Kartlegg knutepunkt etter terrortrusselen

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt kartlegg no knutepunkt i distriktet som kan vera aktuelle terrormål.

Første tropenatt på seks år

Første tropenatt på seks år

Sveitta du i natt? I så fall ikkje det så rart.


Kokar fiskesuppe til tusener

Kokar fiskesuppe til tusener

I helga kokar Sverre Leirvik (44) fiskesuppe til 2.000 personar om bord i Statsraad Lehmkuhl.

Trott til finalen

Trott til finalen

Trott sitt J17-lag vann 1-0 mot Tonstad IL og er klar for A-finale.


Fekk det tøft i EM-opninga

Fekk det tøft i EM-opninga

Trass i åtte mål frå Inge Aas Eriksen, Norge gjekk på ein smell i opningskampen i junior-EM i handball.

Ber om nattero

Ber om nattero

Politiet tykkjer folk med ferie skal ta meir omsyn til dei som jobbar.